• Bedrift
    Ulvik kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2019
  • Stillingsfunksjon
    Undervisning
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Adresse
    5730, ULVIK
    ULVIK
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1811595
  • Se her for andre jobber fra Ulvik kommune
  • Oppdatert 04.06.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ulvik kommune

FAST LÆRARSTILLING 100 %

Offentlig forvaltning

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, fiskefestival, blueshelg og mykje meir! Det nye dokumentasjonssenteret for Ulvik-forfattaren Olav H. Hauge, ligg midt i bygda. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod. Du får tilbod om barnehage- og SFO-plass om du ynskjer det. Hent meir informasjon på vår heimeside www.ulvik.kommune

Brakanes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule (1-10-skule) med om lag 130 elevar. Me har eit tett samarbeid mellom skule, kulturskule og SFO. Skulen legg vekt på god klasseleiing/læringsleiing og klassemiljøarbeid. Digital kompetanse er eit område me vil vidareutvikla i åra som kjem. Me har innført Trivselsleiarprogrammet, og me vil også leggja til rette for fysisk aktivitet for alle elevar.

FAST LÆRARSTILLING 100 % LEDIG FRÅ 1. AUG 2019

Det er ein fordel med brei fagleg undervisningskompetanse, jf. kompetansekrav for lærarar. Det er elles ynskjeleg med god digital kompetanse og interesse for fysisk aktivitet og Trivselsleiar-programmet. Det er bra om du har kroppsøving i fagkrinsen. Me søkjer ein lærar som er god på klasseleiing og relasjonsbygging. Kontaktlæraransvar på mellomtrinnet kan påreknast. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Lysinga gjeld også for stillingar som vert ledige i løpet av våren.

Søknadsfrist er 14.06.2019

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Tilsetjing snarast råd.

Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Gyldig politiattest må leggjast fram før arbeidsstart.

Søknad kan fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no og/eller

sendast til postmottak@ulvik.kommune.no.

Bruk referanse nr 19/210 når du søkjer på stillinga.

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Rigmor Hanssen på tlf 4000 7153 rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no

 

  • Bedrift
    Ulvik kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2019
  • Stillingsfunksjon
    Undervisning
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Adresse
    5730, ULVIK
    ULVIK
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1811595
  • Se her for andre jobber fra Ulvik kommune
  • Oppdatert 04.06.2019