Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
06.03.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3493899Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 18.02.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Familierettleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord barnevern har per i dag 26,2 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis også eit familieteam som jobbar intensivt saman med familiar som ønsker hjelpetiltak.
Vi har ledig følgande stilling:- 100 % fast stilling som rettleiar i familieteamet
Familieteamet har fem stillingsheimlar. Teamet har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane. Vi har arbeida målretta med å utvikle ein fagleg modell for dette, og kan vise til gode resultat dei siste åra.
Arbeidsoppgåver:- arbeide med systematiske og intensive endringstiltak i familiar
- foreldrefokusert endringsarbeid
- bruke samspelsobservasjonar i det kliniske arbeidet
- samarbeide med andre instansar
- utarbeide rapportar
- barnevernpedagog, sosionom, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
- søkar bør ha minst 3 års erfaring frå barnevernet og/eller tiltaksarbeid
- relevante vidareutdanningar kan vere; familieterapi, sped- og småbarn psykisk helse, psykososialt arbeid med barn og unge 0-18 år
- relevante metodar kan vere; Marte Meo, tuning in to kids, triangulerte samtalar, video intervention therapy, motiverande samtale
- vi kan vurdere å tilsette nokon utan relevant utdanning/metodeopplæring. Vedkommande må då forplikte seg til å delta i eit opplæringsforløp med tilpassa bindingstid
- du må evne å bruke din erfaringsbaserte kunnskap og metodikk i samspel med brukarane sine ønske og behov
- har evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt vise initiativ
- er fleksibibel, kreativ og har gode samarbeidsevne
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- er strukturert og har stor arbeidskapasitet
- er positiv og tolmodig i samarbeid med foreldre som er i ein vanskeleg situasjon
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
06.03.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3493899Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 18.02.2021