• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4665086
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 11.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Fagsjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

For å kunna møta dagens og framtidas utfordringar, treng me dyktige og engasjerte medarbeidarar. Heimetenesta avdeling Sogndal har ledig ein fast 100% stilling som fagsjukepleiar dagtid.

Fagsjukepleier skal bidra til at avdelinga realiserer tenesta sine mål og planar innan heimetenesta. Stillinga innebærer medansvar for kompetanse- og kvalitetsutvikling i tenesta. Som fagsjukepleiar vil du få moglegheiten til å drive fagutvikling og kompetanseheving, saman med fleire dyktige medarbeidere.
Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. 
Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper og intravenøs behandling.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp og rettleie nyansatte og studentar/lærlingar/ferievikarar
  • Opplæring og rettleing av sjukepleiefaglege prosedyrar
  • Planlegge og organisere internundervisning/kurs/fag dagar, samt undervise sjølv.
  • Arbeide for gode samarbeidsforhold i dei interne og eksterne einingar
  • Legge til rette for implementering av velferdsteknologiske løysningar
  • Fagsjukepleiar jobbar tett med avdelingsleiar og tenesteleiar
  • Skrive søknadar for aktuelle prosjektmidlar samt være med å leie prosjektarbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleiefag
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
  • Førarkort KL B

Personlege eigenskapar:

  • Samarbeidsevne, for å nå felles mål
  • Være pådrivar for kvalitets- og fagutviklingsarbeid
  • Evne og interesse for å rettleie samt undervise
  • Evner å arbeide strukturert og ha mange ballar i lufta
  • Er nytenkande med ynskje om å vidareutvikla ein god organisering av heimetenesta
  • Fleksibel, strukturert og målretta
  • Løysning/utviklingsorientert, skape resultat saman med andre
  • Munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Skape tillit og aksept og eit godt arbeidsmiljø

 Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Varierande arbeidsoppgåver

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4665086
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 11.06.2022