Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Fagperson med spesialpedagogisk kompetanse

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

PPT i Sunnfjord kommune består i dag av PPT og kompetanseteamet. PP-tenesta yt tenester for barn og unge i alderen 0-16 år. PPT er heimla i barnehagelova §19c, og i opplæringslova §5-6. Kompetanseteamet er ei støtte- og rettleiingsteneste for barnehagar og barn med særlege behov. Sunnfjord kommune er ein TIBIR-kommune.

PPT og kompetanseteamet held til i rådhuset i Førde, og har til saman 12 årsverk, bemanna med spesialpedagogar, migrasjonspedagog, sosionom, PMTO-terapeut og PALS-rettleiar, kontorpersonale og einingsleiar. Vi er organisert i førskule- og grunnskuleteam, og legg vekt på å ha eit positivt og støttande arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av eldre og yngre tilsette med spesialiserte utdanningar.

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling i kompetanseteamet i PPT frå snarast.

Kompetanseteamet har tre og ei halv stilling. Teamet består av spesialpedagogar, migrasjonspedagog og PMTO-terapeut. Kompetanseteamet observerer, kartlegg, set i gang tiltak og rettleiar i høve barn med særlege behov frå 0-6 år. Teamet kan òg gje foreldrerettleiing. Målsettinga er å kome tidleg inn.

Arbeidsoppgåver:
  • systemretta og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta
  • rettleiing i spesialpedagogisk arbeid i førskulealder på individ- og systemnivå
  • kompetanseutvikling med opplæring, kurs og organisasjonsutvikling
  • endrings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar:
  • spesialpedagog, fortrinnsvis med master/hovudfag i spesialpedagogikk. Søkarar med master i pedagogikk og psykologi eller viktig kompetanse innanfor sentrale fagområde for tenesta vert også vurderte.
  • rettleiingskompetanse
  • praksis frå arbeid med barn med særlege behov

Du må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er heile Sunnfjord kommune.

Du bør ha kjennskap til det som er oppgåver og innhald for barnehagane.

Ved tilsetting legg vi vekt på:
  • at ein dekker sentrale oppgåver for teamet
  • at ein set seg inn i metodikk og arbeidsmåtar som kommunen satsar på
  • at ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til fleksibilitet
  • evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
  • at ein må kunne arbeide i team, og samtidig vere sjølvstendig
  • at ein har god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg

PP-tenesta er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.

Det må leggast fram politiattest før oppstart i stilling.

Velkomen som søkar!