Detaljer

  • Bedrift
    Eid kommune
  • Søknadsfrist
    24.11.2019
  • Sted:
    NORDFJORDEID
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    SOGN OG FJORDANE
  • Arbeidssted:
    NORDFJORDEID
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2253922
  • Se her for andre jobber fra Eid kommune

Fagleiar ved Interkommunale helsetenester i Nordfjord

Interkommunale helsetenester i Nordfjord omfattar Nordfjord legevakt/legevaktformidling, kreftkoordinator og Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD). Tenestene er organiserte som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stryn, Hornindal, Stad (Eid og Selje), Vågsøy og vert drive av Eid/Stad kommune. Arbeidsstad er Nordfjord sjukehus.

Interkommunale helsetenester i Nordfjord har no ledig:

  • 100% vikariat som fagleiar frå 28.02.2020 til 12.01.2021. Stillinga er 75 % administrativt arbeid på dagtid og 25% helgearbeid i turnus, per no langhelg to av sju helgar.

Arbeidsoppgåver

  • skal arbeide med faglege prosedyrar for både legevakt, legevaktsentral og ØHD.
  • har ansvar for utarbeiding og oppfølging av kompetanseplan for dei tilsette.
  • skal bidra til å følge opp budsjett og årsarbeidsplan
  • er stedfortreder for avdelingsleiar ved fråvær

Kvalifikasjonar

Vi søkjer offentleg autorisert sjukepleiar som:

  • har interesse og erfaring for akuttmedisin
  • har leiarutdanning og/eller relevant erfaring                 
  • er løysingsorientert, har god kommunikasjonsevne  og gode samarbeidsevner.
  • er utviklingsorientert, engasjert og motivert og trivast med å arbeide i ein hektisk kvardag.
  • har evne til å jobbe tverrfagleg og i team samstundes som ein er sjølvstendig
  • har god datakunnskap, då vi har fleire elektroniske EPJ –system som avdelingsjukepleiar vil vere superbruker for.

 Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Vi kan tilby

  • spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • dagarbeidstid og turnusarbeid med langvakter to av sju helgar

Ved intern tilsetting kan det bli ledig vikariat i same periode.

For meir informasjon, ta kontakt med Grete Aud Totland, tlf. 958 19 005, e-post: grete.aud.totland@eid.kommune.no

Vi ber om at du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden samt referansar. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månadar prøvetid. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmodinga må grunngjevast.

 

Søknadsfrist er 24.11.2019.