Detaljer


Fagansvarleg HMS/KS

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga får totalt ca. 370 tilsette.

Stillinga inngår i seksjonen system og utvikling, som fungerer som ei støtte og ein drivar i interne utviklingsprosjekt for avdelinga. Stillinga sine oppgåver er å sikre at ein har rutinar og system i alle seksjonar i eigedom innan HMS og kvalitet. Spesielt viktig er det at HMS-ansvaret til fylkeskommunen etter Byggherreforskriften blir fylgd opp i utbyggings-, rehabiliterings- og driftsprosjekta, men det er også viktig å sikra at eigne arbeidstakarar innan bygningsdrift og reinhald arbeider sikkert og har naudsynt opplæring. Innan kvalitetssikring så er system og rutinar innan prosjektstyring spesielt sentralt, men rutinar innan drift og forvaltning vil også være ein del av fagansvaret. Stillinga vil og ha ansvaret for at eigedomsavdelinga følger Vestland fylkeskommune sine rutinar og prosessar for kvalitet- og risikostyring, og at eigedomsavdelinga får etablert gode prosessar og rutinar i samband med implementering av nytt kvalitets/styringssystem, og kontinuerleg forbetring av desse.

Arbeidsstad kan vere Leikanger eller Bergen.

Arbeidsoppgåver
  • Fagansvarleg innan HMS og kvalitetsarbeid
  • Koordinering og planlegging av HMS-kontroll i byggeprosjekt
  • Utvikle og følgje opp rutinar og system knyt til HMS og kvalitet i byggeprosjekt, drift og vedlikehald
  • Opplæring og støtte til implementering av nye system, prosessar og funksjonar
  • Vere fagleg oppdatert innan utvikling på HMS/KS fagområdet og ein pådrivar internt innan HMS/KS
  • Representere eigedomsavdelinga i fylkeskommunens fellesfunksjonar innan HMS og kvalitet
  • Gjennomføre revisjonar innan HMS og KS hos leverandørar til Eigedom
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning på høgare nivå
  • Særs relevant og lang erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • God erfaring frå HMS/KS arbeid frå bygge- og anleggsprosjekt
  • God kjennskap til krav, system og utfordringar innan byggebransjen
  • Bygg og eigedomskompetanse
  • God system og datakompetanse
  • Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og ei løysingsorientert tilnærming
  • Gode pedagogiske evner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Høg etisk standard
Vi tilbyr
  • Spanande og varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Løn etter avtale og i samsvar med fylkeskommunale vilkår

Andre opplysningar

  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
  • Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Namna på stillingane i den nye fylkeskommunen er ikkje endeleg avklara slik at det kan skje endringar
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk