Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
04.10.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4100647Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 21.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Fagansvarleg - 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Stillinga som fagansvarleg inneber at du vil ha hovudansvaret for å sikre at tenestemottakarane får gode tenester. Det vil seie å leie arbeidet med å utarbeide planar og tiltak i samarbeid med brukarar og medarbeidarar. Fagansvarleg skal drive fagutvikling, rettleiing, opplæring av kollegaer, kartlegging og dokumentasjon, samt samarbeid med andre tenester, spesialisthelsetenestar og pårørande/verge. Som fagansvarleg vil du arbeide på dagtid, med fleksibel arbeidstid. Nokre oppgåver knytt til kartlegging og møte med tenestemottakarar kan vere på ettermiddags- eller kveldstid. Du vil samarbeide tett med leiar, og vere stedfortredar ved behov.
Ein ny og spannande stilling som du sjølv kan vere med å forme!
Om Ambulerande tenester
Ambulerande tenester gir tenester i heimen til tenestemottakarane. Tenestene har hovudvekt på vernepleiarfagleg arbeid i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, autismespekterlidingar og ulike tilleggsutfordringar. Fokuset vårt er meir på den einskilde personen og hjelpebehov/ønskjer, enn på diagnosar. Målet er å gje gode og tilpassa tenester til den einskilde. Ambisjonane er å bli best på tenesteyting til målgruppa.
Ambulerande tenester har kontor på Frekhaug, og gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga er ny etter kommunesammenslåinga 1. januar 2020, og er i stadig utvikling og vekst. Det er kort reiseveg frå Åsane og ca. 2 minutters køyring frå Nordhordlandsbrua. Det er gode kollektivforbindelsar samt at bussen stoppa like ved. I avdelinga er det tenestebilar til bruk i arbeidstida.
Arbeidsoppgåver
- Fagutvikling, opplæring og rettleiing
- Kartlegging av tenestebehov
- Utarbeiding av mål, planar og tiltak
- Leggje til rette for gode tenestar til den einskilde
- Sikre at dokumentasjonen er i tråd med gjeldande retningslinjer
- Internundervisning i avdelinga
- Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar
- Stedfortredar ved leiars fråvær
Kompetansekrav
- Offentleg godkjend vernepleiar
- Erfaring med autismespekterlidingar
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid, målretta/systematisk miljøarbeid eller tilsvarande
- Førarkort klasse B
Ønskt kompetanse
- Du har evne til å være samlande og skape begeistring for vernepleiarfaget
- Du har evne til å motivere kollegaer til å sjå ting frå den einskilde person sin ståstad
- Du har evne til innovasjon og kreativitet i korleis tenestane vert utforma/utført
- Du har erfaring frå systematisk og målretta arbeid
- Du bidrar til eit sprudlande og godt arbeidsmiljø
- Du har respekt for tenestemottakarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
- Du delar raust din kunnskap og erfaring
- Du har kunnskap om turnus (kan vere ein fordel)
- Du har erfaring med å rettleie andre
- Du har evne til å vere fleksibel og kunne prioritere i ein travel kvardag
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Konkurransedyktig løn
Gode pensjonsordningar
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med tilsette som vil ta deg godt imot
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
04.10.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Frekhaug
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4100647Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 21.09.2021