• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4671161
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 16.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Ergoterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune, med sine rundt 2300 innbyggjarar, ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. 

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut frå august/etter avtale. 

Kommunen har 100% ergoterapeutstilling. Stillinga er knytt til eining helse, der også mellom anna fysioterapeut, lege, psykisk helse og rus, helsesjukepleiarar, hukommelesesteam/dagsenter og frivillegsentral er organisert. I tillegg samarbeider ergoterapeuten med andre innan pleie- og omsorgssektoren og oppvekstsektoren. Kontorstad vert på Gulen sjukeheim, saman med mellom anna fysioterapeut. Den som blir tilsett vil få ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer, der det er mogleg å vere med å utvikle tenesta. 

Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegging og vurdering av brukaren sin funksjon og behov, samt tilrettelegging i heimen
  • Habilitering og rehabilitering på ulike arenaer
  • Bistand og rådgjeving ved utprøving, søking og tilpassing av tekniske/velferdsteknologiske hjelpemidlar, samt ansvar for hjelpemiddelformidlinga i kommunen
  • Tverrfagleg samarbeid og samhandling
  • Syn- og hørselskontakt 
  • Andre oppgåver kan kome til

Kvalifikasjonar:

  • Ergoterapeut med norsk autorisasjon
  • Kunne bruke digitale verktøy 
  • Førarkort klasse B
  • Krav til gode norskkunnskaper; både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Er fleksibel og kommuniserer/ samhandlar godt med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik
  • Er uredd og løysingsorientert i møte med digitale hjelpemidlar/velferdsteknologi
  • Er fagleg engasjert og vert motivert av å yte gode tenester og bidra til vidareutvikling
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • Gyldig helse- og politiattest må framvisast før tiltredning
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

  

Vi tilbyr:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Ledig barnehageplass i kommunen

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4671161
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 16.06.2022