• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3517455
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 25.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Ergoterapeut 100% fast - Helse meistring og rehabilitering

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider 45 personar med ulik fagbakgrunn, men flesteparten er ergoterapeutar eller fysioterapeutar.

Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonssvikt, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokaler. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe.

Denne stillinga vil arbeide hovudsakleg med vaksne/eldre personar i eigen heim og på Straume lokalmedisinske senter. På Straume lokalmedisinske senter vil ein vera del av tverrfagleg team som arbeider hovudsakleg med rehabilitering- og korttidspasientar, og vera ein viktig fagperson ved tilrettelegging av heimen, når brukar skal heim.

Arbeidsoppgåver:

  • Ergoterapeut på Straume Lokalmedisinske senter, korttidsavdelinga
  • Kartlegging, funksjonstrening og tilrettelegging i brukar sin eigen heim
  • Hjelpemiddelformidling og bustadtilrettelegging
  • Ergoterapioppgåver til brukarar i eigen heim
  • Evt. deltaking i demensteam

Kvalifikasjonar:

  • Bacheleor i ergoterapi
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Kompetanse innan rehabilitering
  • Erfaring med å jobbe med eldre personar
  • Erfaring frå arbeid som ergoterapeut i kommunehelsetenesta
  • Kompetanse innan demenskartlegging

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
  • Du er rask til å setje deg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Du er ansvarleg, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • Du arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
  • Du er personleg egna

Anna:

  • Ein må ha førarkort og kunna nytta eigen bil. Ein får bil- og køyregodtgjersle.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt: Einingsleiar Liv Møen tlf. 975 40 530

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3517455
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 25.02.2021