Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Er du vår nye vaktsjef?

Radio- og TV-selskaper

Vi er på jakt etter ein journalist som vi ser for oss kan leie nettredaksjonen vår framover. Vaktsjefen har ei nøkkelrolle i redaksjonen, og vil få mykje ansvar og stor tillit. Du vil samarbeide tett med nyheitssjef og med vaktsjefen for radio og for TV.

Kontoret ligg i Førde sentrum. Vi er ein redaksjon med eit godt arbeidsmiljø og mange unge medarbeidarar. Vi lagar nettsaker til nrk.no og til den lokale nettsida nrk.no/sf.

NRK Sogn og Fjordane har som eitt av sine satsingsområde å styrke den grundige journalistikken.

Arbeidsoppgåver
  • Leie den daglege produksjonen av nettsaker.
  • Følgje opp både rask oppdatering og den grundige journalistikken.
  • Følgje opp arbeidet på sosiale medium.
  • Delta i idéutvikling og evaluering i redaksjonen
Kvalifikasjonar
  • Har journalistisk erfaring.
  • Har leiarerfaring.
  • Er trygg på etikk.
  • Er sterk språkleg.
  • Har god digital forståing og er interessert i korleis publikum brukar NRK.
Personlege eigenskapar
  • Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Har gode samarbeidsevne.
  • Klarer å halde overblikket ved store hendingar eller i stressa situasjonar.
  • Har profesjonelt godt humør.
Vi tilbyr
  • NRK vart i 2018 kåra til den mest attraktive arbeidsplassen i medienoreg.
  • NRK har privat AFP-ordning og gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • I NRK Sogn og Fjordane vil det vere gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
  • NRK er omfatta av Offentleglova sine reglar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjarar som ikkje ynskjer namnet sitt offentleggjort må grunngje kvifor. Dersom unntaket ikkje vert godteke, vert søkjar varsla og får høve til å trekke søknaden.