• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    01.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4959381
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 17.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Er du vår nye kollega? Veterinær til fagområda dyrehelse/ dyrevelferd og kjøttkontroll. 

Direktorater og tilsynsorgan

Er det viktig for deg at dyra har det godt og at maten er trygg, og vil du bidra? 

Når du jobbar i Mattilsynet, jobbar du for å betre dyrevelferd for alle dyr – ikkje berre eitt av gongen. Du får 1250 fagleg dyktige kollegar, som er klare til å inspirere, utfordre, støtte og samarbeide med deg. Du jobbar side om side med kollegaer på dyrehelse og dyrevelferd, fiskehelse og fiskevelferd,  plantevern og trygg matproduksjon, jus, forvaltning og kommunikasjon.  


Du vil få ein variert arbeidskvardag, jobbe både på kontor, i felt og på slakteri. Du fører tilsyn med og følgjer opp kjæledyr, produksjonsdyr og kjøtkontroll. Fagteama jobbar saman på tvers av kontorstad og du samarbeider med kollegaer på andre avdelingar og andre fagområde med ulik utdanning og bakgrunn.

Avdeling Sunnfjord og Sogn har totalt 27 tilsette, fordelt på kontorstader i Førde, Sogndal og i kjøtkontrollen ved slakteriet i Førde. Din kontorstad vil vere i Førde.

Førde er regionsenter og handelssentrum. Det er enkelt å kome til og reise frå, med E39 som går rett forbi og flyplass. Byen ligg ved Førdefjorden og er omgitt av fleire fjell. Førde er ein liten, oversiktleg og trygg by kor du har gode tilbod når det gjeld både idrett og kultur. Du kan sykle heile året og du slepp stort sett å måke snø og koste bil. Sentralsjukehuset er plassert her og Høgskulen på Vestlandet, campus Førde, med fleire utdanningsretninger. Noko av det beste med Førde er likevel den korte avstanden til naturen, kor det er gode forhold for turar sommar som vinter, i skog og mark, og fiske i sjø, vatn og elv. Om du liker å gå på beina kan du gå rett frå sentrum, og det er kort kjøyreveg om du liker ski, både langrenn, slalåm og toppturar.

Kvalifikasjoner:

  • Du må vere veterinær med norsk autorisasjon.   
  • Du er gjerne offentleg veterinær og med studieretning for produksjonsdyr og mattryggleik. Om du ikkje er det, må du ta utdanninga for å bli offentleg veterinær når du byrja i Mattilsynet.     
  • Sidan du skal kommunisere med næringa om dels vanskelege samansatte tema, er det viktig at du har god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg. 
  • Du ha god datakunnskap og må ha evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar. 
  • Du har førarkort klasse B.   

Personlige egenskaper:

  • Du forstår rolla di godt. Sjølv om nokre saker kan vere like på mange vis, er ingen av dei heilt like. Det er difor viktig at du har god rolleforståing, og at du gjer gode forholdsmessige vurderingar i forvaltning av regelverket.
  • Du må klare å kombinere samarbeid internt og på tvers av fagområda og å greie å jobbe sjølvstendig.  
  • Du må vere god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, òg å finne løysingar.  
  • Du må i ein hektisk og variert kvardag med mange oppgåver, klare å prioritere, planlegge godt, men òg kunne tilpasse deg endringar.  

Vi tilbyr:

  • Ein fagleg interessant og meiningsfullt arbeid med høve til å betre dyra sin kvardag. 
  • Eit tverrfagleg fellesskap og støttande arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid.  
  • Stillinga er løna som førsteinspektør (st. kode1498) frå kr. 580.000, eller som seniorinspektør (st. kode 1499), med høgare løn avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. 
  • Gunstige pensjons- og lånevilkår gjennom Statens Pensjonskasse  
  • Det er mogleg med heimekontor nokre dagar i veka, må til ei kvar tid tilpassast oppgåvene som skal løyast. 

 

Slik søkjer du?
Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.              
Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg. Ver venleg å oppgje referansar i søknaden 

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    01.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4959381
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 17.01.2023