Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
22.01.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6900, FLORØ
KINN
Antall stillinger
1karriere-kode
4943742Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
- Oppdatert 11.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjord1 ASA
Er du klar for ei leiande rolle i eit framtidsretta selskap?
Ferger
Har du evne til å begeistre og leie andre? Då vil vi høyre frå deg!
Fjord1 er verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og har dei siste åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i
Fjord1 er teknologioptimistar, og driftar nær førti nye el-ferjer, som alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda. Vi skal vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og oppretthalde ein leiiande posisjon i den maritime næringa også i framtida.
Ein av våre dyktige kollega skal ta fatt på nye utfordringar utanfor rederiet, og som følgje av dette har vi ledig stilling som operativ leiar i vår driftsorganisasjon i Florø.
I denne stillinga leiar du eit team som består av teknisk inspektør og bemanningskoordinator. Saman har de ansvar for ei portefølje av fartøy som skal driftast best mogleg til ei kvar tid. Du er også næraste leiar for skipsførarane på "dine" fartøy.
Du er ein lagspelar som evnar å halde overblikket og struktur i ein hektisk arbeidskvardag. Leiareigenskapar som vi set høgt, er evne til å engasjere og skape gode relasjonar. Vi har spennande utfordringar og ser etter deg som vil vere med å finne løysingar.
Søkartal for maritim utdanning viser auke i kvinnelege søkarar. Dette er svært gledeleg og vi håpar på mange kvinnelege søkarar til denne stillinga.
Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning, gjerne innan nautiske fag, men andre fagområder kan også vere aktuelle
- Relevant arbeidserfaring
- Erfaring innan drift og prosjektleiing vil bli særleg vektlagt
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk
- Gode IT kunnskaper og systemforståing
Personlige egenskaper:
- Gode leiareigenskapar - evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Motivert, engasjert og initiativrik
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide i team, men også sjølvstendig
Vi tilbyr:
- Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling
- Eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Fleksible arbeidsordningar
- Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Gode velferdsordningar
- Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
22.01.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6900, FLORØ
KINN
Antall stillinger
1karriere-kode
4943742Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
- Oppdatert 11.01.2023