• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    25.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4140445
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 25.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Giske Kommune

Einingsleiar ved Giske ungdomsskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Giske ungdomsskule er lokalisert på Valderøya med om lag 380 elevar. Per i dag er det 4 klasser på 8. og 10. trinn og 6 klasser på 9.trinn. Leiargruppa er rektor og 3 avdelingsleiarar.

Vår einingsleiar og rektor går av med pensjon ved nyttår og vi søkjer derfor etter ny rektor. 

Er du klar for ei ny og spanande utfordring? Kan du jobbe målretta og relasjonelt med barn og ungdom som fokus? Ser du på elevar, foreldre og tilsette som ein ressurs i lærings- og utviklingsarbeid? Då kan det hende du er den vi søkjer.

Giskeskulen har ambisjonar om å skape eit inkluderande og samlande oppvekstmiljø, og vi søkjer etter ein strukturert lagbyggjar med hjerte og framtidsretta kompetanse for barn og unge si læring og deira oppvekstvilkår.

Grunnleggande prinsipp for Giskeskulen er:  

  • barnet/ungdommen er i sentrum    
  • ønska elevrolle er utgangspunkt for lærar- og leiarrollene 
  • læring er sosial med fokus på samarbeid
  • barnet/ungdommen sin motivasjon og emosjonar er vektlagd
  • vi anerkjenner forkunnskap og individuelle forskjellar,
  • barnet/ungdommen blir utfordra utan å verte overbelasta, 
  • vi planlegg for samanheng på tvers av fagområde aktivitet/grupper i og utanfor eininga.
 

Kvalifikasjoner:

  • Høgare relevant pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
  • Rektorutdanning og/eller relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år
  • Relevant undervisnings- og leiarerfaring
  • Kunnskap om økonomistyring og administrativt arbeid
  • Kunnskap om relevant lovverk og oppdatert kompetanse på pedagogisk utviklingsarbeid
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta               

Personlige egenskaper:

  • Evne til å vere ein analytisk, målretta og utviklingsorientert leiar som kan motivere til langsiktig innsats
  • Evne til å lytte, kommunisere og samarbeide godt - relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert, ta initiativ og gjennomføre
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr:

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Tett samarbeid med andre fagleg engasjerte og kompetente leiarar
  • Deltaking i leiarutviklingsprogram frå 01.01.2022
  • Konkurransedyktig løn   

Giske kommune sine verdiar er:

  • Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  • Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  • Engasjement - gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  • Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande  

Anna: 

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med med søknaden.

Gyldig politiattest må leggast fram.

 Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette.

 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    25.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4140445
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 25.10.2021