Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Madsen og Brekke AS

Einingsleiar pleie og omsorg

Rekruttering og bemanning

Etne kommune søkjer ny einingsleiar pleie og omsorg i ein 100 % fast stilling.

Stillinga har eit overordna ansvar for pleie- og omsorgtenesta, og er ein del av leiargruppa til kommunalsjef helse og omsorg.

 

Pleie- og omsorgtenesta har om lag  75 årsverk  og eit årleg budsjett på  57,9 mill kr.

Etne Omsorgssenter er eit nytt og moderne omsorgssenter som er godt tilrettelagt for bruk av velferdsteknologi, med 30 institusjonsplassar fordelt på 3 avdelingar.  Det er ein avdelingsleiar i 100 % stilling for institusjon og 3 fagsjukepleiarar.
Heimetenesta har 1 avdelingsleiar i 100 % stilling, og ein fagsjukepleiar i kvar personalbase. Heimetenesta har også ansvar for bemanna omsorgsbustadar, dagtilbud og praktisk bistand.
Eininga har kjøkkendrift ved både Etne og Skånevik omsorgssenter, gode treningslokaler for fysioterapi og lokale for frisør og fotpleie.

Tenesta har eit stabilt personale med høg kompetanse.

Me søkjer ein leiar som jobbar målretta, bidreg til nytenking og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil.

Arbeidsoppgåver
  • Overordna administrativ og fagleg leiing av pleie- og omsorgstenesta
  • Følgja opp økonomi, styring og rapportering innanføre vedtekne rammer
  • Oppfølging av vedtekne planar som ligg til eininga
  • Samordning og effektivisering av dei ulike avdelingane
  • Overordna personalansvar og sikra eit godt arbeidsmiljø
  • Ansvar for helse miljø og tryggleik i eininga
Kvalifikasjonar
  • Helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med vidareutdanning innan leiing eller økonomi
  • Leiarerfaring med økonomi og personalansvar, helst frå helsesektoren
  • Det er ønskeleg med erfaring innanfor områder som saksbehandling, ressursstyring, lov og avtaleverk, turnus og arbeidstidsordningar, fråvær og nærvær, HMS, internkontroll og kvalitetssikring
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, tenestemålet i Etne er nynorsk
  • Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Du må vera sjølvstendig, ha høg arbeidskapasitet med initiativ og evne til gjennomføring
  • Du må kunne tenkja heilskapleg, strategisk og langsiktig

    Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga
 
Vi tilbyr
  • Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode sjansar for fagleg og personleg utvikling
  • Ein inkluderande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktpersonar og søknadshandtering
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
 
Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke Tore Meinert, Tlf. 970 33 360  eller Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med Hilde Høyland konstituert kommunalsjef helse- og omsorg , Tlf. 472 86 539