• Bedrift
    Førde Kommune
  • Søknadsfrist
    24.09.2019
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2074626
  • Se her for andre jobber fra Førde Kommune
  • Oppdatert 25.09.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Førde Kommune

Einingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Frå 1.1.2020  er det ledig 100% stilling som leiar av PPT kontoret i nye Sunnfjord kommune. PPT kontoret skal yte tenester til barnehagar og grunnskular i ein kommune med ca. 23 000 innbyggarar. Pedagogisk-psykologisk teneste er heimla i barnehagelova § 19c, og i opplæringslova § 5-6. PPT skal støtte barnehagar og skular i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling slik at alle barn og unge får høve til å utvikle sitt læringspotensiale. I arbeidet med einskilde saker har PPT ansvar for å utgreie og ta standpunkt til om barn, unge og vaksne har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.  Det er utarbeidd eit prinsippdokument for det spesialpedagogiske arbeidet i Sunnfjord kommune. Målet er å redusere tal sakkunnige uttalar og einskildvedtak,  og arbeide for auka fokus på tilpassa opplæring i klasserommet. I utviklingsarbeidet vil PPT og leiar få ei viktig rolle. PPT kontoret har ca. 10 fagstillingar. I tillegg kjem leiar og merkantil tilsett i 100%. Dei tilsette har god og tverrfagleg samansett kompetanse.  PPT har i tillegg til dei fire kommunane ytt tenester til vidaregåande opplæring. Frå 1.1.2020 vil vidaregåande opplæring avslutte samarbeidet, og eit viktig arbeid blir å utvikle PPT si organisering og rolle i Sunnfjord kommune.  PPT har i dag eit kompetanseteam retta inn mot arbeidet i barnehage. Det er ønskeleg å utvikle teamet vidare.

Vi ser etter ein leiar som kan utvikle PPT vidare i tråd med prinsippdokumentet om auka fokus på tilpassa opplæring, og som kan vere pådrivar for å organisere PP -tenesta tilpassa behova i den nye kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • ha overordna fag-, økonomi- og personalansvaret
  • leie og utvikle tenesta i tråd med kommunen sin visjon og prinsipp
  • bidra aktivt til tverrfagleg samhandling, eksternt og internt
  • utvikle PPT vidare

Kvalifikasjonar:

  • utdanning på master-/hovudfagsnivå innan pedagogikk, spesialpedagogikk, eller psykologi
  • praksis frå barnehage, skule og/eller PPT
  • relevant leiarerfaring

Vidareutdanning i leiing er ønskeleg og vert vektlagt ved tilsetting.

Vi ser etter deg som:

  • har god forståing for PPT sitt oppdrag og ser tenesta i eit større perspektiv
  • er resultatorientert og har evne til å gjennomføre tiltak
  • er ein lagspelar og kan bygge tillit internt og eksternt
  • kan tenke nytt i høve utvikling av tenesta og er open for nye perspektiv 
  • kan bygge relasjonar og forsterke eksisterande

Vi tilbyr

  • eit tverrfagleg- og godt fagmiljø
  • gode stabs- og støttefunksjonar
  • deltakar i rektor/leiar kollegiet
  • deltaking på relevante kurs/konferansar

Dette er ei spennande stilling der du får vere ein aktiv deltakar i å utvikle PPT tenesta i ny kommune.

 

Velkomen som søkar!

 

 

  • Bedrift
    Førde Kommune
  • Søknadsfrist
    24.09.2019
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2074626
  • Se her for andre jobber fra Førde Kommune
  • Oppdatert 25.09.2019