Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hallingdal Renovasjon IKS

Driftsoperatør på lokale avfallsmottak

Renovasjon


Hallingdal Renovasjon IKS har ansvar for innsamling av avfall frå hushaldningar, fritidsbustader og bedrifter i Hallingdal og Krødsherad. Vi aukar no bemanninga på lokale avfallsmottak og har ledig fast stilling som driftsoperatør. Arbeidsstad er dei lokale avfallsmottaka i Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nesbyen og Flå etter behov.

Vi søker deg som:

  • kan arbeide sjølvstendig og systematisk
  • har god ordenssans
  • er omgjengeleg og fleksibel
  • har evna til å rettleie kundane på ein god måte
  • kan ta i eit tak.

Avhengig av søkarane sine interesser blir det tilsett i ei 100% stilling eventuelt i to 50% stillingar. Så langt råd blir det teke omsyn til bustadkommune ved oppsetting av turnus.

Arbeidstid er normalt mandag til torsdag kl. 12-19 og kvar tredje laurdag kl. 10-14.

Arbeidsoppgåvene består i:

  • rettleiing av publikum ved levering av avfall
  • sortering og pakking av avfall
  • enklare vedlikehald
  • utarbeiding av fakturagrunnlag m.m.

Opplæring i form av kurs og opplæringsvakter.

Den som vert tilsett må:

  • beherske norsk skriftleg og muntleg
  • ha førarkort minimum kl. B og disponere bil
  • førarkort kl. C1 og truckførarbevis vil være ein fordel.

Arbeidsmiljøet vårt er mannsdominert og vi oppmodar kvinner om å søke arbeid hos oss.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Løn etter tariffavtale.

Søknad med CV til Hallingdal Renovasjon IKS, Kleivi næringspark 23, 3570 Ål alternativt til firmapost@hallingdalrenovasjon.no.

Merk; Søknad om stilling: Uteavdelinga.

Nærare informasjon får du ved å kontakte driftsleiar Helge Svarstad, tlf. 32086115/ 91775263.

Søknadsfrist: Fredag 03.02.2022

Sjå www.hallingdalrenovasjon.no for fullstendig utlysingstekst.