• Bedrift
    Jæger Automobil AS
  • Søknadsfrist
    31.01.2020
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Bilforhandler
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    5068, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    VOSS
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2399254
  • Se her for andre jobber fra Jæger Automobil AS
  • Oppdatert 10.01.2020

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Jæger Automobil AS

DAGLEG LEIAR / SALGSSJEF

Bilforhandler

Jæger Automobil AS er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet er lokalisert i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Haugesund, i Lindås og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsern har 230 tilsette og ein årleg omsetnad på 1,1 milliard kroner. Jæger-kundar er særs godt nøgde og har bidrege til selskapet sin leiande marknadsposisjon i vest Noreg. Kvalitet og stadig betring er grunnpilaren i Jæger og Toyota sin filosofi. Difor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir nøgde. Toyota er det suverent mest kjøpte bilmerket gjennom tidene i Vestland fylke. Toyota er verdas største og mest respekterte bilprodusent og er den leiande på miljøteknologi og forsking.

Til vår avdeling på Voss søkjer me
DAGLEG LEIAR / SALGSSJEF

Me søkjer etter ein dyktig leiar som har sals- og forretningsforståing og kraft til å skapa vekst. Du må være ein lagspelar, ha stor arbeidskapasitet og evne til å utvikla og engasjera dyktige medarbeidarar for å nå felles mål.

Sentrale arbeidsoppgåver:
• Overordna resultatansvar for Toyota Voss
• Operativt salsansvar med fokus på å nå avtalte marknadsmål
• Utvikla og auka marknadssposisjonar for varebil, personbil og bruktbil
• Ivareta og utvikla avdelinga sin kundebase
• Medarbeiderutvikling og personaloppfylgjing
• Tett kontakt med Jæger si leiing og Jæger sine fagstabar

Ynskte kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning, praksis kan kompensera for formell bakgrunn
• Salserfaring med dokumenterte resultat
• God økonomi- og forretningsforståing
• Fortrinnsvis bransjeerfaring

Ynskte eigenskapar:
• Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, og søkjer deg som har driv og engasjement på vegne av kundane på Voss, dei tilsette og Voss som lokalsamfunn
• Du er resultatorientert, målretta og ansvarleg, samstundes som du har evne til å motivera og engasjera menneska rundt deg

Me tilbyr:
• Konkurransedyktige vilkår med pensjonsog forsikringsordning
• Godt miljø og gode arbeidstilhøve i nye og moderne lokale på Palmafossen
• Bedriftshelseteneste og firmahytte

Søknadsfrist: 31. januar 2020

Spørsmål om stillinga kan rettast til : Salgsdirektør Tom Bondehagen, tlf. 404 08 420, tom.bondehagen@jaegerbil.no

Skriftleg søknad med CV/attestar sender du til: Jæger Automobil AS v/ HR-sjef Eli Thomassen eli.thomassen@jaegerbil.no

 

  • Bedrift
    Jæger Automobil AS
  • Søknadsfrist
    31.01.2020
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Bilforhandler
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    5068, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    VOSS
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2399254
  • Se her for andre jobber fra Jæger Automobil AS
  • Oppdatert 10.01.2020