• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    06.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5013566
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 15.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Dagleg leiar Balestrand frivilligsentral

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du samfunnsengasjert og ønskjer å jobbe saman med frivillig sektor? No er det ledig stilling som dagleg leiar for Balestrand frivilligsentral. Balestrand frivilligsentral er nyoppretta og treng ein motivert dagleg leiar som kan koordinere aktivitetar og vere motor for samarbeid med frivilligheita.

Frivilligsentralen i Balestrand skal vere ein viktig lokal møteplass. Den skal etablerast i nye lokale i Holmatunet, saman med bibliotek, innbyggjartorg, kontor for kommuneadministrasjonen og sosiale møteplassar for innbyggjarane. Denne samlokasjonen gir spanande moglegheiter!

Me søkjer difor deg som er kreativ og glad i menneske. Du likar å koordinere og samarbeide med folk, og ønskjer å utvikle tilbod som gjer Balestrand til ein endå betre stad å bu og leve. Du må ønskje å jobbe på tvers av kommunale tenester og andre lokale aktørar, ikkje minst for å bidra til at Holmatunet blir ein stad for liv og røre frå morgon til kveld.

 

Stillinga er plassert i tenesteininga Samfunnsutvikling.    

    

Arbeidsoppgåver:

  • Etablere Balestrand frivilligsentral
  • Ansvar for dagleg drift med sekretariatsfunksjon for styret
  • Utvikle Holmatunet til ein sosial møteplass for innbyggjarane
  • Skape engasjement for frivillig arbeid i lokalsamfunnet
  • Vere bindeledd mellom kommunen og dei frivillige
  • Mobilisere og koordinere samarbeid med lag, foreiningar og organisasjonar.
  • Hjelpe til med søknads- og rapporteringsarbeid
  • Aktiv deltaking i utviklinga av lokalsamfunnet
  • Etablere utstyrssentral
  • Samarbeide med andre kommunale innbyggjartenester
  • Samarbeide med andre kommunale innbyggjartilbod
  • Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • Ved relevant erfaring kan krav om utdanning fråvikast
  • Kjennskap til frivillig organisasjonsliv
  • Kunne bruke IKT som verktøy
  • Personlege eigenskapar vil vektleggast

 

Personlege eigenskapar:

  • Engasjement for frivillig arbeid
  • Oppteken av innbyggjarane sine behov
  • Nysgjerrig på nye løysingar og moglegheiter
  • Samarbeidsvillig
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Fleksibel og serviceinnstilt

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Mogelegheita til å forme kva Balestrand frivilligsentral og Holmatunet skal vere for innbyggjarane

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    06.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5013566
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 15.02.2023