Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Madsen og Brekke AS

Dagleg leiar

Rekruttering og bemanning

Vil du være med å påverka retninga for heile Sunnhordland?
 
Noverande dagleg leiar går snart av med pensjon og Samarbeidsrådet for Sunnhordland søkjer derfor hennar etterfølgjar.
 
Samarbeidsrådet for Sunnhordland er på jakt etter ein utviklingsorientert dagleg leiar. Du vil få ansvaret med å følgje opp strategisk samarbeid mellom kommunane i Sunnhordland. Du får jobbe med spennande regionale oppgåver og prosjekter innan blant anna samferdsle, næringsutvikling, helse, reiseliv, omdømmebygging, rekruttering og kompetanse.
 
Me søkjer deg som er raus, open og modig, samtidig som du veit å setja dagsorden for viktige saker for regionen. Du veit å laga eit godt samarbeidsklima, og du evner å forstå dei ulike kommunane sine behov og næringslivet sine interesser i regionen. 

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåvene vil vera i tråd med Samarbeidsrådet sine vedtekter og planar, og utføra dei arbeidsoppgåvene som blir lagt til stillinga
  • Leia og vera proaktive i dei moglegheitene som ligg i prosjektutvikling, samt skaffa ekstern finansiering
  • Initiera og følgja opp politiske prosesser
  • Representere Samarbeidsrådet der det er naturleg
  • Styrkja regionen sitt omdømme som bu- og arbeidsarena
  • Strategisk samarbeid, partnarskap og nettverksbygging
  • Organisera og utvikla reiselivet i Sunnhordland
  • Vera proaktive for å sjå dei moglegheitene Samarbeidsrådet har for å påverka prosessen i dei sakene som er viktige for den einskilde kommune og regionen
Kvalifikasjonar
  • Me ser gjerne at du har relevant høgare utdanning
  • Gode leiareigenskapar og relevant erfaring f.eks. prosjektleiarerfaring frå utviklingsorienterte prosjekt
  • Kunnskap om dei politiske systema lokalt, regionalt og sentralt, samt god kjennskap til politiske prosessar
  • Forståing for samfunns- og næringsutvikling, innovasjon, omstilling og modernisering av offentlege tenester
  • Forståing for handtering av media
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Samarbeidsrådet er nynorsk
  • Søkjar må ha førarkort og disponera eigen bil
Personlege eigenskapar
  • Tydeleg og engasjert lagspelar som er opptatt av utvikling og resultat
  • Du er serviceinnstilt og har høg gjennomføringsevne
  • God kommunikasjons- og formidlingsevne på tvers av fagfelt
  • God på å skapa relasjonar og bygga tillit
  • Du liker å stå ovanfor store forsamlingar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.

Me tilbyr
  • Ein unik posisjon inn mot næringslivet, det offentlege og det politiske miljø
  • Ei utfordrande og spennande stilling i ein framoverlent og  utviklingsorientert region
  • Stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein region med høg kompetanse og engasjerte innbyggarar
  • Ein inkluderande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Kontaktpersonar og søknadshandtering
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i tilfelle bli varsla på førehand om dette.

Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke, Tore Meinert, på telefon 970 33 360, eller Brit Skjølingstad, på telefon 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale.