Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vest-Telemark Blad AS

Dagleg leiar

Avis

Vest-Telemark blad, Telemarks tredje største avis, er lokalavisa for kommunane Vinje, Seljord, Kviteseid, Tokke, Fyresdal og Nissedal. Avisa kjem ut to gonger i veka på papir med eit opplag på om lag 5000, og på www.vtb.no. Det er i alt 15 tilsette i bedrifta som har kontor i Kviteseid.

Noverande dagleg leiar går over i ny jobb, og me søkjer hans etterfylgjar:

DAGLEG LEIAR

for Vest-Telemark blad

Ein av dei mest spennande jobbane i Vest-Telemark er ledig, og me søkjer deg som:

  • er god på overordna marknadsarbeid (annonsar og abonnement)
  • kan økonomi
  • trivst med å leie og motivere andre
  • har pågangsmot og gjennomføringsevne
  • er god til å skape eigarskap til produktet VTB


Me tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø i trivelege lokale
  • spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

VTB har to leiar-modell. I jobben som dagleg leiar er du sidestilt med redaktøren, som har ansvaret for redaksjonen.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med:

Styreleiar Aud Jonskås, tlf. 908 56 853 – audjonsk@online.no eller
avtroppande dagleg leiar Stein Olav Lie, tlf. 480 20 831 – stein.olav.lie@vtb.no

Send søknad til audjonsk@online.no innan 1. april 2019.