Detaljer

  • Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2020
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2943579
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune

Byggjesakshandsamar/ingeniør

Solund kommune har ledig 100% fast stilling som byggjesakshandsamar/ingeniør ved eining for plan og utvikling
Plan og utvikling har ansvar for sakshandsaming av plan- og byggjesaker, kart- og oppmålingstenester, landbruksforvaltning, VAR-området, bygg og anlegg, utbyggingsprosjekt, beredskap og utviklingsretta arbeid.


Stillinga sitt hovudarbeids- og ansvarsområde:
• Sakshandsaming etter plan- og bygningslova og forurensningslova med tilhøyrande regelverk som veglov, lov om brannvern, hamner og farvatn m.v.
• Dispensasjonar og prinsipelle saker med førebuing til administrativ og politisk handsaming
• Ajourhald og forbetring av fagsystem som matrikkel, komtek m.v.
• Dialog med publikum og næringsliv
• Utvikling og fornying av saksområdet, m.a. innføring elektronisk byggjesakshandsaming
• Ta del i eininga sine beredskapsoppgåver innan brann, akutt ureining m.m.
• Andre oppgåver ved eininga etter behov.

Hovudansvarsområdet kan verte endra.

Kvalifikasjonar:
• Treårig utdanning frå høgskule eller universitetsnivå innanfor relevant fagområde.
• God kjennskap til plan og bygningslova og byggteknisk forskrift
• Gode datakunnskapar og evne til å forenkle med digitale løysingar vert vektlagt
• Relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor er ynskjeleg, men ein oppfordrar og nyutdanna til å søkje
• Gode norskkunnskapar med god skriftleg og munneleg framstillingsevne
• Førarkort klasse B
Personlege eigenskaper:
• Evne til raskt å setje seg inn i saker og nye utfordringar
• Vere målretta, ansvarsfull og løysingsorientert
• Kunne arbeide sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
• Gode samarbeidsevner
• Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Solund kommune kan tilby:
• Faglege utfordringar og sjølvstendige oppgåver
• Ei interessant stilling med gode utviklingsmoglegheiter
• Løn etter avtale.
• Pensjonsordning i KLP
• Tilsetjing etter hovudtariffavtalen

Solund kommune hjelper til med å skaffe bustad. Det er 6 månader prøvetid i stillinga.

Spørsmål om stillinga kan rettast til : Einingsleiar Terje Drengenes 97176822, e-post terje.drengenes@solund.kommune.no

Søknadsfrist: 10.08.2020

Solund kommune har tatt stilling til marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.