Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Byggeleiarar - vegdekke og oppmerking av veg i Vestland fylkeskommune

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Seksjon for vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane. Driftsoppgåver er å følgje opp drifts-/elektroentreprenørane sitt arbeid og bestille tilleggsarbeid hjå desse, og syte for best mogleg framkomst på vegane. Vedlikehaldsoppgåver er bestilling og oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald, tunneloppgradering og andre vedlikehaldsoppgåver. Dei viktigaste oppgåvene er planlegging av arbeid, utarbeiding av grunnlag for budsjettsøknader, oppfølging av entreprenør og økonomioppfølging innan tildelte midlar.

Stillingar og arbeidsoppgåver

Byggeleiarar vegdekke og oppmerking

2 stillingar med arbeidsstad Bergen eller Leikanger.  Næraste leiar er Åsmund A. Sekse 

  • Teknisk og økonomisk hovudansvar for gjennomføringa og evalueringa av kontrakten/prosjektet
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag, lyse ut konkurranse og kontrahere.
  • Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på eigne prosjekt
  • Arbeidsleiing av kontrollingeniørar- Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ha kontakt med andre myndigheiter, interessegrupper og media
  • Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
  • Ansvarleg for informasjonsoverføring mellom fasane, inkludert SHA og YM
  • Arbeide med konkurransegrunnlag, og oppfølging av gjeldande dekke- og oppmerkingskontraktar
Kvalifikasjonar
  • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlige føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
  • Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå byggeleiing
  • Erfaring med kontraktsutlysing og oppfølging av kontraktar.
  • Gode kunnskapar i bruk av relevante  IKT- verktøy-  
Personlege eigenskapar
  • Du forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i eit stort byggeprosjekt.
  • Evne til å samarbeide med og håndtere grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og kollegaer på ein god måte
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Sjølvstendigheit og fleksibilitet til arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Andre opplysningar 

Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.