Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.09.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5357, FJELL
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4082590Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 07.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Branninspektør 100% fast - Øygarden brann og redning KF
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre som rapporterar direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til. Føretaket har om lag 70 heil- og deltidstilsette.
Branntryggleiken til innbyggjarane våre er vårt fokusområde, uansett om dei er heime, på jobb, på skulen eller i butikken. Å arbeide ved førebyggjande avdeling er å vere med på målretta innsats for å betre branntryggleiken og gje ein tryggare kvardag for innbyggjarane i Øygarden kommune. Dette gjer vi gjennom tilsyn, haldningsskapande arbeid og andre brannførebyggjande tiltak. Vi ønskjer medarbeidarar som ønskjer å utgjere ein forskjell og har tru på at det alltid er mogleg å skape forbetring
Om avdelinga:
Øygarden brann og redning KF – førebyggjande avdeling har 9 medarbeidarar fordelt på to seksjonar. I tillegg kjem avdelingsleiar og eventuelle lærlingar. Seksjon for HMS tilsyn og opplæring, og seksjon for feiing og tilsyn. Avdelinga driv eit aktivt brannførebyggjande arbeid for og i samarbeid med kommunen.
Stillinga som er lyst ut rapporterer til seksjonsleiar ved seksjon for HMS tilsyn og opplæring. Seksjonen består av to medarbeidarar i tillegg til seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver:
• Undervisning av barn og voksne
• Planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn (særskilte brannobjekt, anlegg med farleg stoff og utsalsstader for fyrverkeri)
• Brannførebyggjande prosjekt og kampanjar
• Brannførebyggjande motivasjons- og informasjonsarbeid
• Oppfølging av bekymringsmeldingar
Kvalifikasjonar:
Må ha:
• Fagutdanning som feiarsvein, relevant utdanning på Bachelor-nivå eller yrkesutdanning for brannkonstabel (ref. § 7-6 i Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen)
• Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner i norsk
• Førarkort minst kl. B
• Førebyggjande kurs frå Norges brannskole, ev. gjennomføre dette etter at ein er tilsett
Ønskjeleg med:
• Erfaring med undervisning av barn og voksne
• Erfaring innan arbeid med førebyggjande brannvern
• Erfaring med arbeid retta mot sårbare grupper
• Kompetanse innan fyrstehjelp
Personlege eigenskapar:
• Fagleg sterk
• God på kommunikasjon og motivasjon
• Pedagogiske evner
• Trivs med å undervise barn og voksne
• God til å tileigne seg ny kunnskap
• Gode samarbeidseigenskaper
• Praktisk anlagt
• Sjølvstendig og strukturert
• Evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
Anna:
• Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest
Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA-bedrift
• Eit aktivt fagmiljø med faglege utfordringar
• Eit triveleg arbeidsmiljø
• Fleksitidsordning
• Løn etter avtale
• 2 timer trening i arbeidstida pr. veke
• Treningsrom på arbeidsplassen
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.09.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5357, FJELL
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4082590Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 07.09.2021