• Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Bedriftstype
    Kommune
  • Organisasjonsnummer
    964952612
  • Antall ansatte
    730
  • Opprettet år
    1995
  • Nettside
    Gol kommune
  • Adresser
    Besøksadresse
    Gamlevegen 4
    3550  GOL

Gol kommune oppføring hos:

Gol kommune

Gol kommune ligg sentralt plassert på austlandet, og er eit knutepunkt mellom aust og vest.
Gol har ei flatevidde på 532,5 kvm. Innbyggjartal og mykje andre opplysningar finn du her på Statistisk sentralbyrå sine sider.

Kor ligg Gol og korleis kjem ein dit

Gol ligg i dalføret Hallingdal i Buskerud fylke, 167 km nordvest for Drammen. Køyrer ein riksveg 7, er det 174 km frå Oslo til Gol, og 290 km frå Gol til Bergen .
Følgjer ein riksveg 52, kjem ein til Vestlandet via Lærdalstunnelen. Avstanden til Lærdal er ca. 110 km.
Over til nabodalføret Valdres køyrer ein riksveg 51. Det er ca. 50 km til Valdres sitt regionsenter, Fagernes.
Bergensbanen har stopp på Gol. Toget brukar ca. 2 t. 45 min. frå Oslo og i underkant av 4 timar til Bergen.
Dersom ein vil over til Vestlandet med buss, kan ein ta Sogn og Fjordane ekspressen til Førde via Sogndal.

Vær og natur

Gol har eit typisk innlandsklima, med kald vintrar og varme sumrar. Flatevidda i Gol er 530 km² og høgda over havet varierar mellom 180 og 1295 meter. Austover mot Valdres ligg det tradisjonsrike Golsfjellet. Turistbedrifter, hytter og stølsgrender har lenge prega dette senteret for fjellturisme i øvre Buskerud. Det er tilrettelagt for eit aktivt friluftsliv med eit nett av merka løyper for både vinter- og sumaraktivitetar. Kommunen har to freda naturreservat: Lyseren våtmarksreservat som er eit kompleks av små vatn med myrer omkring og Metubba myrreservat, som er dominert av myrer av ulik type og med interessante planter og plantesamfunn.

Historie

Namnet Gol skal koma av Gord, som ei tid var namnet på elva som renn
gjennom bygda. Namnet tyder gjerde, gard, stengsel. Elva laga stengsel og set grense mellom to dalsider. Det er usikkert når dei fyrste menneska busette seg i Gol, men ein er ganske sikker på at ved år 1000 var minst 26 gardar i Gol rydda
og folkesett (”Boka om Gol”, b.1). Funn av dyregraver og jernslagg på Golsfjellet viser imidlertid at området har vore utnytta frå urgammal tid. Gol stavkyrkje blei i 1884 flytta til Bygdøy og danna grunnstamma i Norsk folkemuseum. I dag har
Gol berre kyrkjegarden att av det opprinnelege, men ein kopi av stavkyrkja er reist mellom riksveg 7 og Gol sentrum.

Næringsliv

Gol er ein av landets største reiselivskommunar, og er det regionale handels- og servicesenteret for regionen Hallingdal. Servicenæringane utgjer ca.. 70%, industri, kraft- og vassforsyning, bygge- og anleggsverksemd ca. 20% og landbruk ca. 10% av den totale sysselsetjinga.

Barnehage og skular

Gol kommune har full barnehagedekning. Tilbodet er fordelt på fem barnehageavdelingar og ein privat familiebarnehage. Kommunen har ein skule, 1. -10. trinn. Læringssenteret gir tilbod om grunnskuleopplæring, spesialundervisning og undervisning i norsk med samfunnsfag for framandspråklege. I tillegg har Gol vidaregåande skule og folkehøgskule.


Bli med i vår Kandidatbank

Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.

 

Lærarstilling ved Gol skule - 100 % fast

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol er ein kommune som satsar på barn og unge. Vi satsar på utdanning, innovasjon og forsking. Vi har både ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule. Seinaste tilskot er Campus Hallingdal som tilbyr høgare utdanning innafor fleire område. Vi er einige om at: «det er samarbeid som former framtida»…

Veileder, sosiale tjenester

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

NAV Hallingdal ble etablert 1. juni 2019 og har 35 ansatte. Hallingdal har ca. 20 500 innbyggere og er Norges største reiselivsregion. Hallingdal består av de seks kommunene Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål. Hovedkontoret ligger på Gol. NAV Hallingdal møter brukere og samarbeidspartnere i alle seks kommunene. Kontoret er organisert i to avdelinger: Arbeid …

Badevakt - 12 % stilling

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Symjehallen på Gol samlar folk frå heile Hallingdal. Vi har ca. 3500 besøkande på ein sesong. Dei besøkande er familiar og mosjonistar. Bassenget er 25 x 12,5 m m/stupepallar, 5 banar og badstover. Det er alltid to tilsette til stades når symjehallen er open. Vi søkjer no etter personer som vil være badevakt i symjehallen frå september 2024. Arbeidsopp…

Miljøarbeidar eller miljøterapeut ved Miljøterapitenesta

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Faste helgestillingar Er du ein som vil legge til rette for sjølvstendigheit, og ein aktiv og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre? Vi søkjer etter deg som ynsker å være med i vårt team, som er open for ulike aktivitetar som å benytte aktivitetsmoglegheita i nærmiljøet, gå-turar, spille spill, vere med i svømmehallen, vere med på lokale arrangemen…

20 % lærarstilling som student ved Campus Hallingdal på Gol

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå hausten 2024 kan du som student i lærarutdanninga ved Campus Hallingdal på Gol få ei 20 % stilling i ei av Hallingdal eller Valdres sine kommunar ved sida av og tilrettelagt i studietida. Dette gir verdifull praksis, mens du studerar til verdas viktigaste jobb. Søk no via Universitetet i Sørøst-Norge sine nettsider.   Velkommen!

Tilkallingsvikar Gol helsetun institusjon og demensomsorg 2024

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol helsetun er ein sjukheim med totalt 32 plassar for kort- og langtidsplass. Vi har eit trivelig, ungt og dynamisk arbeidsmiljø,med mange dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse. Vi søker: Vi ynskjer kontakt med personar som kan vere vikar etter tilkalling og i feriar. Du må like å jobbe med menneske og samarbeide med kollegaer. Kvalifikasjo…

Tilkallingsvikar Gol skule

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol skule er ein 1-10-skule med 490 elevar og ca 90 tilsette Vi søkjer: • Tilkallingsvikar som lærar • Tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent. Kvalifikasjonar: Godkjent utdanning etter kapittel 14 i forskrift til Opplæringsloven eller anna relevant utdanning/erfaring Vi ynskjer at du er: • Ein person med engasjement og interesse for barn og u…

Tilkallingsvikar ved Miljøterapitenesta

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet. Eininga har mange spennande utford…

Generell søknad

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi tilbyr: * Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk * Godt og inkluderende arbeidsmiljø * Gode pensjonsordningar gjenom KLP eller SPK * Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass Generell informasjon: * Ynskjer du jobb i Gol kommune og du har en kompetanse me treng? Følg med på våre utlysingar og søk på stilling. * Søkjarlister e…

Tilkallingsvikar ved Psykisk helse og rus

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ønsker oss engasjerte tilkallingsvikarer til vår tjeneste som ønsker å bidra med å levere gode tjenester til våre brukere og være et flott tilskudd til vårt gode arbeidsmiljø. Psykisk helse, miljøarbeidetjeneste handler om tilrettelegging for mestring av daglige gjøremål, etablering av gode rutiner for å ha en god nok levestandard, økonomirådgiving, st…

Fritidskontakt

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol Kommune treng fleire fritidskontaktar til å arbeide med barn, ungdom og vaksne med forskjellige bistandsbehov. Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld eller i helger. Timetalet kan variere frå cirka 2 timar i veka og oppover. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand til, kan avtale tid og stad for aktivitetar…

Tilkallingsvikar Gol barnehage

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer: Tilkallingsvikar eller kortare vikariat ved behov Arbeidsoppgåver: Aktivitetar, leik, omsorg og læring med barn/barnegrupper inne og ute. Det er utarbeida stillingsbeskrivelse for dei ulike stillingane i barnehagane. Kvalifikasjonar: Barnehagefaglegutdanning og praksis Vi ynskjer at: Medarbeidarane er aktive, fleksible, lærevillige og…

Sommarvikar ved helse- og omsorgstenesta

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse- og omsorgsavdelingane søker deg som vil jobbe ved Gol helsetun, Heimetenesta, Miljøterapitenesta, Kommunelegekontoret, Psykisk helse og rus eller Krisesenter med barnevernsvakt. Vi ynskjer kontakt med personar som vil arbeide som sommarvikar hos oss. Vi treng assistentar, som ikkje har utdanning innan vårt fagfelt, fagarbeidarar, sjukepleiarar, ver…

Sykepleier 100 % fast stilling

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100 % faste stilling som sykepleier. Gol Helsetun er et sykehjem med 32 plasser for kort/rehabilitering- og langtidsplass, egen avdeling for personer med demens. Vi har dyktige medarbeidere med høy faglig kompetanse, og trivelig arbeidsmiljø. Stillingen er i turnus med dag- og kveldsvakter og arbeid hver 3. eller 4. helg med langvakter. Vi sa…

Sjukepleiar, 92 % fast stilling - natt

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 92 % fast stilling som sykepleier i nattjenesten. Institusjon og hjemmetjenesten har felles natteneste som er underlagt Gol Helsetun. Sykepleier har ansvar for omsorgsboliger, hjemmeboende brukere, psykisk helse og Gol helsetun med kort og langtids avdeling samt skjermet demens avdeling. Arbeidsoppgaver: · Ha ansvaret for sykepleiefaglig …

Heimehjelp / praktisk bistand 100 % fast

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Heimetenesta har ansvar for ulike oppgåver knytt til å førebygge, behandle og tilrettelegging for mestring av sjukdom, skade og nedsett funksjonsevne. Arbeidsoppgåver: • Reinhald av private heimar og omsorgsbustader • Innkjøp av matvarer • Vask av klede • Anna praktisk bistand etter vedtak slik at brukaren kan bu i eigen heim til tross for helseutfordi…

Sykepleier 100 % fast stilling

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønsker du å jobbe med morgendagens utfordringer i helsevesenet og er interessert i å jobbe med faglig dyktige kollegaer? Da er hjemmetjenesten i Gol kommune for deg. Hver dag er ulik, og vi vet aldri hva neste dag bringer med våre rundt 160 brukere. I hjemmetjenesten har vi ansvar for ulike oppgaver knyttet til å forebygge, behandle og tilrettelegge for mest…

Helsefagarbeidar ved Heimetenesta

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

50 -100 % stilling Heimetenesta har ansvar for ulike oppgåver knytt til å førebygge, behandle og tilrettelegging for mestring av sjukdom, skade og nedsett funksjonsevne. Vi legger vekt på brukarens ressursar, behov og ønsker. Dette gjennom personsentreromsorg (VIPS). Tenesta blir gitt både i omsorgsbustad og rundt i bygda. Vi søkjer deg som er helsefagar…