• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    15.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2945307
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 27.05.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Giske Kommune

Barnevernskonsulent - vikariat i 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon


Barneverntenesta i Giske kommune er organisert i eining for barn, familie og helse. Andre tenester i eininga er helsestasjonen, PPT, legetenesta, fysio- og ergoterapitenesta, kommunepsykologen og psykisk helseteam for barn og unge, samt tildelingskontoret. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenestene i eininga og elles i kommuna, med fokus på barnets beste og tidleg innsats. Barneverntenesta har kontor på rådhuset på Valderøya med for tida gratis parkering og 10 minutt med bil frå Ålesund.

Barneverntenesta i Giske har 7 tilsette, der avdelingsleiar er næraste overordna og barnevernleiar i kommuna. Vi har eit høgt fagleg fokus og majoriteten av dei tilsette i tenesta har gjennomført sertifisering i foreldrerettleiingsprogramma COS-P og ICDP. Ein legg elles godt til rette for etter- og vidareutdanning samt anna relevant kompetanseutvikling. Giske kommune deltek i det interkommunale samarbeidet Barnevernvakta for Sunnmøre.  

Er du ein person som likar utfordringar, er strukturert, målretta og god på samarbeid? Kanskje er du på utkikk etter ein krevjande, men spanande og lærerik arbeidskvardag? Vi har eit ledig vikariat frå snarast t.o.m. 30.06.21, med moglegheit for forlenging.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid med saker etter lov om barnevernstenester, t.d. mottak av meldingar, undersøkingssaker, førebyggjande barnevernstiltak og førebuing av fylkesnemndsaker. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.
  • Rettleie foreldre, med særleg fokus på å styrke foreldredugleik, styrke samspel og betre kommunikasjon i familiar
  • Samtale med barn, ungdom og foreldre
  • Samarbeid med instansar rundt barna og familiane.
Kvalifikasjonar
  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, helst barnevernspedagog eller sosionom. Andre med relvant høgskuleutdanning kan også søkje.
  • Erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid er ønskjeleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse
  • Det er ønskjeleg med tverrkulturell kompetanse
  • Relevant vidareutdanning er også ønskjeleg
  • Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP
Personlege eigenskapar
  • Du er kreativ og utviklingsorientert
  • Du er engasjert, fagleg trygg, tydelig, fleksibel og løysingsorientert
  • Har god arbeidskapasitet, arbeider strukturert og målretta
  • Interesse for og ønskje om tverrfagleg samarbeid
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og saman med andre
  • God på kommunikasjon og samhandling             
Vi tilbyr
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Tilsetjing på kommunale vilkår med konkurransedyktig løn.     
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    15.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2945307
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 27.05.2020