• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    11.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3669954
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 26.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Askvoll kommune

Barnehagestyrar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bulandet barnehage ligg på Halsøy i Bulandet. Barnehagen er samlokalisert med Bulandet skule. Vi har eit flott uteområde med variert terreng, skog, bakkar og leikeapparater. Vi går tur i nærområdet og nyttar også skulen sitt uteområde. Vi har fokus på sosial kompetanse og den gode samtalen. Barnehagen er godkjent for barn i alderen 1-6 år og vil komande barnehageår ha inntil 26 plassar i bruk. Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen. 


Vi har frå 01.06.2021 ledig 100% fast stilling som styrar/pedagogisk leiar i Bulandet barnehage, men seinare oppstart kan avtalast.
 Styrardelen utgjer for tida 60% av stillinga.

 

Arbeidsoppgåver

  • Styrar har hovudansvar for heile barnehagen i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, herunder: Lov om barnehage, Rammeplan for barnehage og Askvoll kommune sine styringsdokument og vedtak som er gjeldande for barnehagar. Styrar er arbeidsgivar sin representant på arbeidsplassen, og pliktar å vere lojal overfor arbeidsgjevar sine vedtak og avgjerder. Styrar har hovudansvar for utvikling og endringsarbeid i barnehagen. Styrar har ansvar for vidareutvikling av sin faglege kompetanse og å nytte denne i det daglege og langsiktige arbeidet.
  • Styrar arbeider i nettverk med dei 4 andre barnehagestyrarane i kommunen, og inkluderande barnehagemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen. Barnehagane arbeider og aktivt med vurdering og kvalitetsutvikling i samarbeid med fem andre kommunar i regionen. I Askvoll er det politisk vedteke at det skal vere to pedagogar per avdeling.

Kvalifikasjonar

  • Askvoll kommune legg vekt på styrar sitt ansvar for den pedagogiske leiinga i barnehagen. Det er krav om utdanning som barnehagelærar, og vidareutdanning og/eller erfaring innan leiing er ein fordel. Om den som vert tilsett ikkje har utdanning innan leiing, må vedkomande vere villig å ta utdanning tilsvarande styrarskulen innan det har gått fire år etter tilsetjing.
  • Barnehagane nyttar ulike dataverktøy i utøving av leiaroppgåver. Søkjar bør difor ha god kjennskap til, og erfaring med bruk av IKT.

 Personlege eigenskapar vert vektlagt, og vi søkjer deg som:

  • Har eit stort pedagogisk hjarte og gode leiareigenskapar
  • Er løysings- og utviklingsorientert
  • Kan inspirere, syne omsorg og interesse for det einskilde barn og medarbeidar
  • Har ein open og tydeleg kommunikasjon
  • Har gode samarbeidsevner og arbeider strukturert og målretta

Vi tilbyr:

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad

 

For nærare opplysningar ta kontakt med  kommunalsjef Kristen Holt, tlf. 99446068.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.  Stillinga er i utgangspunktet ledig frå 01.06.2021, men vi er opne for å avtale evt. seinare oppstart.

 

  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    11.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3669954
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 26.03.2021