Bedrift
Austevoll kommuneSøknadsfrist
25.05.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4609899Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
- Oppdatert 07.05.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Austevoll kommune
Barnehagelærar/pedagog/spesialpedagog
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Pedagogisk fagteam i PPT søkjer 80 % barnehagelærar/lærar med spesialpedagogisk kompetanse. Me søkjer etter deg som ynskjer å jobbe med spesialpedagogisk hjelp og rettleiing i barnehagane i Austevoll kommune.
Arbeidsstad
Pedagogisk fagteam er lagt under Pedagogisk Psykologisk Teneste. Pedagogisk fagteam er ei rettleiings og oppfølgingsteneste som har ansvar for det spesialpedagogiske arbeidet for barn i barnehage. Fagteamet sine oppgåver er å gje spesialpedagogisk hjelp og rettleiing. Samt rettleiing og utvikling av tenestetilbodet til barn med nedsatt funksjonsevne.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova
Arbeide saman med og rettleie personalet i barnehagen når det gjeld barnehagen som system og det einskilde barnet sitt behov.
Samarbeid med føresette og andre instansar rundt barnet.
Kvalifikasjonar
Pedagog med spesialpedagogisk kompetanse
Relevant erfaring frå barnehage kan kompensera for spesialpedagogisk tilleggsutdanning.
Kompetanse/etterutdanning i psykososiale vanskar blir vektlagt.
Andre opplysningar
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Du må ha sertifikat kl B og disponere bil.
Vi ser gjerne at du har:
Evne til å arbeide sjølvstendig og systemretta
Fleksibel og kreativ
Du må vere endringsvillig og ha gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ryddige arbeidsforhold
- Fagleg rettleiing
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Bedrift
Austevoll kommuneSøknadsfrist
25.05.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4609899Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
- Oppdatert 07.05.2022