• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3919400
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Barnehagelærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sagatun barnehage ligg i Balestrand sentrum. Rundt oss har me flott og mektig natur som me har glede av kvar dag. Me ligg ein liten gåtur frå Sagatun skule og Sygna vidaregåande skule. Til hausten er me ein treavdelings barnehage. Vi er 10 tilsette. Sagatun barnehage har som mål å skape eit trygt og godt heilskapleg opplæringsløp. Vi jobbar for å få til eit læringsmiljø prega av samhald, medverknad, meistring og glede.

 

Frå 12.august 2021 er det ledig 100% fast stilling som barnehagelærar i Sagatun barnehage.

 

Arbeidsoppgåver:

Barnehagelærer har med sine kunnskapar om barns utvikling, læring og behov medansvar for organisering og framdrift av det pedagogiske arbeidet på avdelinga

1. Barnehagelærer er medansvarlig for:

· planlegging og vurdering av arbeidet på avdelingen

· utviklinga av det sosiale miljøet og læringsmiljøet i barnegruppa

· kartlegging/observasjon av det einskilde barn og dokumentasjon

· at barna blir ivaretekne på best mogeleg måte innafor den ramma som er gitt

· å planlegge og halde pedagogiske arbeidsmøter

· pedagogisk rettleiing av fagarbeidarar og assistentar på avdelinga

· å planlegge og organisere foreldresamarbeid og sørge for god

informasjonsdeling mellom barnehage og heim

· i samarbeid med tenesteleiar og pedagogisk leiar - utarbeide årsplan,

utviklingsplanar og andre detaljerte planar for avdelinga og for gjennomføring og evaluering av desse

 

Kvalifikasjonar:

· Godkjend barnehagelærarutdanning.

· Må kunne legge fram gyldig politiattest ved tilsetjing.

· Ynskjeleg med god kompetanse på digitale verktøy

 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein påliteleg person som er initiativrik og omstillingsdyktig . Du må være ein aktiv vaksen som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr deg om kva barnet ynskjer å formidle.

· Ha gode samhandlingsevner, er fleksibel og kan arbeide sjølvstendig.

· Ha ei positiv innstilling.

· Er god på å reflektere over eigen og andre sin praksis, likar å vere i utvikling.

 

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3919400
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.06.2021