Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Knarrevik
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3926625Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 14.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Barnehagelærar 100% fast - Liljevatnet barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Arbeidsoppgåver:
- Medansvar for å leie barnegrupper, samarbeide/samhandle tett med foreldre og bistå med fagleg kompetanse, motivasjon og være ein god rollemodell for personalet
- Medansvar for det pedagogiske arbeidet med planlegging, gjennomføring og dokumentasjon i tett samarbeid med pedagogisk leiar og resten av personalet
- Barnehagelærar har ei viktig fagrolle i å utvikle Liljevatnet barnehage for framtida
- Dele kunnskapar og erfaringar og bidra til at barnehagen vert ein lærande organisasjon og at alle avdelingar lukkast
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- 3 årig barnehagelærarutdanning eller anna tilsvarande pedagogisk utdanning
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid i barnehage
Personlege eigenskapar:
- Du er raus og inkluderande
- God evne til kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging
- Du likar utfordringar og å være i utvikling - både fagleg og personleg
- Du har godt humør, er positiv og ser verdien av humor på jobben
- Du bidrar til ein tilbakemeldingskultur som skapar motivasjon, vekst og trivsel
- Du har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis
- Du set barna sitt beste i fokus og er ein god medspelar for foreldre i barna sin gode oppvekst – og slik sett bidreg til vår visjon: «Vi set varige spor!»
Anna:
- Godkjent politiattest må leggjast fram før du tek til i stillinga
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
28.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Knarrevik
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3926625Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 14.06.2021