Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
29.01.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
6karriere-kode
4966599Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 20.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Barne- og ungdomsarbeidar og barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer deg som har kompetanse innan barnehagefeltet og vil skapa ein trygg og stabil kvardag for born.
Ynskjer du å påverka din eigen arbeidskvardag, vera mykje ute og bidra til barn si utvikling?
Me vil gjerne ha deg på laget vårt.
Barnehagane i Kvam har fokus på godt arbeidsmiljø og saman med KLP deltek barnehagane i prosjektet "Bli i jobben". Målet er å styrka arbeidsmiljøet vårt slik at sjukefråværet vert redusert og tilsette vert verande i barnehagane våre.
Dersom du allereie har eit vikariat i ein barnehage og får tilbod om fast jobb kan oppstart i den faste stillinga bli utsett til 01.08.23. Dette for å oppretthalda stabilitet og tryggleik i den aktuelle barnehage.
Norheimsund barnehage
- 60% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
- 100% barne- og ungdomsarbeidar frå 01.02.23 til 31.07.23
- 60% barnehagelærar frå 01.03.23 til 31.07.23
Bjørketeigen barnehage
- 50% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
- 100% fast barne- og ungdomsarbeidar frå 01.04.23
- 140% barne- og ungdomsarbeidar frå snarast, vikar
Sjydnahaugen barnehage
- 60% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
- 20% barne- og ungdomsarbeidar frå 01.02.23 til 31.07.23
Strandebarm barnehage
- 30 % fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
- Personale knytt til flyktningar dersom busetting i Strandebarm/ Tørvikbygd
Tørvikbygd barnehage
- 10% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
- Personale knytt til flyktningar dersom busetting i Strandebarm/ Tørvikbygd
Ålvik barnehage
- 20% fast barne- og ungdomsarbeidar frå snarast
- Merk i søknaden kva barnehage og stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper
- Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
- Vera ein trygg vaksen
- Tilretteleggja for leik og læring
- Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
- Delta i å utvikla barnehagen
- Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
- Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar, men er også interessert i deg som har anna relevant utdanning eller yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
- Barnehagelærar, evt anna relevant høgskuleutdanning
- Me oppmodar lærlingar som skal ta fagbrev våren 2023 til å søkja
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden
Me legg vekt på desse personlege eigenskapane:
- Pålitelig, omsorgsfull og engasjert
- Du har godt humør og god samarbeidsevne
- Fagleg oppdatert
- Deg som er leiken og evnar å inspirere og engasjere born
- Møter born, kollega og foreldre med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
Me tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
29.01.2023Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
6karriere-kode
4966599Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 20.01.2023