Company
Giske KommuneApplication deadline
26.11.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6055, GODØYA
GISKE
Number of positions
1Career-kode
6461669Look here for other jobs from Giske Kommune
Giske Kommune
Barne- og ungdomsarbeidar i vikariat ved Godøy skule og SFO
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Godøy skule og SFO. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld fram til skuleslutt i juni 2027.
Godøy skule er ein 1 – 7 skule med 126 elevar. Rundt 60 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Trygt forankra strekk vi oss ut». Vi er opptekne av at vi skal bidra til å gjere elevane trygt forankra i seg sjølv, skulemiljøet og lokalmiljøet, og kunne vere ein aktiv medspelar som blir rekna med.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Vi ønsker søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna utdanning med pedagogikk, men helsefagarbeidarar og andre kan også søkje.
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
- Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
- Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
- Vere trygg i konflikthandtering.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
- Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
- Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
- Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
- Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.
Vi tilbyr:
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
Company
Giske KommuneApplication deadline
26.11.2025Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6055, GODØYA
GISKE
Number of positions
1Career-kode
6461669Look here for other jobs from Giske Kommune