Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
08.08.2022Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4690472Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 02.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Badevakt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Alver kommune har ledig to faste stillingar som badevakt, med inntil 20 timar i veka så lenge bassenget er ope.
Om Radøyhallen
Stillinga er som badevakt for publikumsbading i Alver kommune. Stillinga er for tida i Radøyhallen. Det er ope for publikumsbading tysdagar, torsdagar, fredagar på ettermiddag/kveld og laurdagar på formiddag/ettermiddag. Ei vakt varar i om lag 5 timar, og ein må vere budd på faste arbeidsdagar utifrå månadleg oppsett vaktliste.
Arbeidsoppgåver
- Oppsyn med badande.
- Syte for sikkerheita til dei besøkande i bassenget.
- Kundeservice, sal av billettar, dagsoppgjer og forefallande arbeid.
- Handsame innkomne bestillingar i digitalt tingingssystem.
Kompetanse
Du må vere symjedyktig, og du må bestå årleg livredningskurs. Dette er ein føresetnad for å kunne tiltre i stillinga.
Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg.
God digital kompetanse. Meistre bruk av vanlege program som Office, Excel, samt digitale plattformar som vert brukt som verktøy av arbeidsgjevar.
Ønskt kompetanse
- Erfaring frå liknande type arbeid kan vere ein fordel.
Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):
- Du er sjølvstendig, men trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer.
Du er ansvarsbevisst og serviceinnstilt.
Du er positiv, har godt humør og er ein aktiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
- Godt og støttande kollegialt fellesskap.
Som badevakt i Radøyhallen vil du få ei variert og ansvarsfull stilling i eit hyggeleg arbeidsmiljø.
Slik søker du
Er dette ein jobb for deg, vil vi gjerne høyre frå deg. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
08.08.2022Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4690472Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 02.07.2022