• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    20.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3793093
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 03.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Giske Kommune

Avdelingsleiar ved Valderøy skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar 1. - 2. trinn ved Valderøy skule frå 01.08.2021. 

Bur det ein leiar i deg? Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen si leiargruppe og jobbe med pedagogisk leiing, personalleiing og administrative oppgåver? Leiargruppa har ilag ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat.

Valderøy barneskule er ein 1 - 7 skule med 430 elevar. Det er ein moderne og godt utstyrt skule organisert i tre team. Skulen sin visjon er «Med hjarte for læring». Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.

Leiargruppa er rektor, tre avdelingsleiarar og SFO-leiar. Undervisningsdelen i stillinga er 50 %. Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.

  
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.


Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP


Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette.

Kvalifikasjoner:

  • Godkjent pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
  • Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år – gjerne rektorskulen.
  • Erfaring frå undervisning  - gjerne relevant leiarerfaring
  • Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort for bil

Personlige egenskaper:

  • Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
  • Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar

Vi tilbyr:

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer

    Giske kommune sine verdiar er: 
  • Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  • Løsingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  • Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  • Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
   

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    20.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3793093
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 03.05.2021