• Bedrift
    Stryn kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6783, STRYN
    STRYN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2077203
  • Se her for andre jobber fra Stryn kommune
  • Oppdatert 18.09.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stryn kommune

Avdelingsleiar for kultur

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100% fast stilling som avdelingsleiar for kultur i Stryn kommune.

Stillinga er ledig frå 01.01.2020

Stryn kommune har stort fokus på kultur, med eit vidt spekter av frivillige lag og organisasjonar som arbeidar med kultur og idrett.

 

Arbeidsområde:

Kulturavdelinga er delt inn i i kulturkontor, kulturskule, bibliotek og kulturhus/symjehall/kino. Avdelingsleiar kultur  har ansvar for å legge til rette for kultur- og fritidstiltak for innbyggjarane, herunder barne- og ungdomsarbeid og frivillige lag og organisasjonar. Avdelingsleiaren har overordna ansvar for kulturavdelinga og ansvar for å følgje opp leiarar innan fagfeltet – bibliotek, kulturskule og kulturhus. Vidarere inneber stillinga m.a. ansvar for sakshandsaming og planarbeid innafor kulturområdet.

 Stillinga vert knytt til skule og kulturavdelinga og kommunalsjef for skule og kultur er avdelingsleiaren sin næraste overordna.

  

Vi ynskjer oss ein medarbeiar med:

  • relevant kulturfagleg utdanning på universitets-/høgskulenivå

  • god og inspirerande leiar med evne til å administrere, organiser og gjennomføre aktivitetar

  • som tek initiativ og er kreativ innan heile kulturfeltet

  • som  har gode samarbeidsevne og skapar godt arbeidsmiljø

  • som kan jobbe sjølvstendig i eit til tider hektisk miljø

  • som er trygg på bruk av IT og kan handtere ulike digitale verktøy

  • som er god på økonomistyring og kan handtere samansette prosjekt

 

 Vi kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø

  • Utfordrande arbeidsoppgåver

  • Løn etter avtale

  • God pensjonsordning

  • Hjelpsam med bustad

  

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement

  • Den som vert tilsett må legge fram helse- og politiattest av ny dato

 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

 

  • Bedrift
    Stryn kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6783, STRYN
    STRYN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2077203
  • Se her for andre jobber fra Stryn kommune
  • Oppdatert 18.09.2019