Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Avdelingsleiar Bu- og aktivitetstenesta

Politi, brann og toll

BU- OG AKTIVITETSTENESTA HAR LEDIG FAST 100% STILLING SOM AVDELINGSLEIAR

 

I tenesta er det for tida seks ulike bufellesskap og eit aktivitetshus, Tenesta tilbyr avlasting for barn og ungdom. Den ledige stillinga inneber per i dag ansvar for to av bufellesskapa. Vi søkjer etter ein tydeleg, engasjert og fagleg sterk leiar som er samlande og har evne til å skape tillit, heilheitlege tenester og gode resultat. Stillinga inneber dagarbeidstid.

 

Arbeidsoppgåver:

Fag-, drifts- og personalansvar

Bistå i utviklinga av tenesta innafor ramma av vedteke budsjett

Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid for å skape heilheitlege tenester

Kvalitets- og fagutviklingsarbeid

Ansvar for fagsystem og elektronisk turnusverktøy

Saksbehandling og kartlegging av tenestebehov

Aktiv bidragsytar i eininga med fokus på godt samarbeid med kollegaer, tillitsvalde og verneombod

 

Dette er arbeidsoppgåver som f.t ligg til stillinga. I tillegg kjem oppgåver som kan bli lagt til frå næraste overordna.

 

Kvalifikasjonar:

Stillinga er aktuell for vernepleiarar og sjukepleiarar med norsk autorisasjon eller andre med relevant helsefagleg høgskuleutdanning

Vidareutdanning innan økonomi og ledelse

Du kan vise til gode resultat frå arbeid med personal-, økonomi- og fagansvar

Du er mål- og resultatorientert og er god til å kommunisere og har god muntleg og skriftleg framstillingsevne

Du har erfaring med og og god kunnskap om bruk av elektronisk turnusverkty og er interessert i bruk av velferdsteknologi med solid digital kompetanse

 

Personlige eigenskapar vi legg vekt på:

Tydeleg og fagleg sterk

God system- og organisasjonsforståing

Ansvarsbevisst, fleksibel og løsningsorientert

Gode kommunikative ferdigheter og samarbeidsevner

Evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og i team

Bidrar til et godt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr:

- interessante og varierte arbeidsoppgåver

- engasjert og fagleg dyktig personalgruppe

- påverknad på eigne arbeidskvardag og planlegging av oppgåver

- flotte lokale

- gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Tilsettingsvilkår:

Vanlege kommunale tilsettingsvilkår, lønn etter gjeldande avtaleverk. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stillinga.