• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4637320
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 10.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Avdelingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Trudvang skule er ein 1-5 skule med 3 / 4 parallellar på kvart trinn og omlag 370 elevar fordelt på 16 klassar. Det er omlag 60 tilsette på skule og i SFO ved skulen. Skulen ligg sentralt i Sogndal sentrum. Trudvang skule har aukande elevtal, og det er politisk vedtak på å bygge ny og større skule. Det er og gjort vedtak på at den nye Trudvang skule skal vere ein 1-7 skule som skal kunne huse 700 elevar når den er ferdig. Leiinga ved skulen vil dei næraste åra ha fokus både på dagleg drift og etableringa av den nye skulen. Trudvang er ein føregangsskule når det gjeld å nytte miljørettleiarar i skulen, og har i dag ei brei samansett personalgruppe der mange kompetansar arbeider saman rundt elevane våre. SFO-drifta er sentrert rundt ein fellesbase med tilhøyrande aktivitetsrom.

Trudvang skule: Saman skapar me ein god stad å vera, ein god stad å læra

 

Stillingsinformasjon

Trudvang skule har frå 1. august 2022 ledig fast 100 prosent stilling som avdelingsleiar 1. - 3.trinn. Stillinga inngår i skulen sitt leiarteam som består av rektor, to avdelingsleiarar skule og ressurspersonar SFO. Skulen har i tillegg skulekonsulent og tilsette med rollar inn mot sosialfagleg arbeid, spesialundervisning, pedagogisk IKT og teamleiarar for trinna.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga er ein del av skulen sitt leiarteam. Avdelingsleiar 1. – 3.trinn vil ha arbeidsoppgåver knytt både spesifikt mot desse trinna og ansvar knytt mot fellesoppgåver. Til stillinga ligg mellom anna følgjande arbeidsoppgåver :

  • Koordinere læringsarbeidet på 1. – 3.trinn opp mot årsteama, elevar, føresette og eksterne aktørar
  • Samarbeid med barnehagane og mottak av skulestartarane
  • Samarbeide med ressurspersonar SFO rundt heilskapstanken skule -SFO
  • Personalansvar på 1. – 3.trinn
  • Oppfølging av skulen sitt arbeid knytt mot minoritetsspråklege
  • Undervisning kan verte tillagt stillinga
  • Andre oppgåver kan verte tillagt stillinga, dette ut frå det samla behovet skulen har og kompetanse hjå den som vert tilsett.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse på barnetrinnet
  • Leiarutdanning og/eller relevant erfaring knytt til personalleiing, administrasjon og skulefagleg utviklingsleiing
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta med vekt på samskaping, involvering og å treffe avgjerder.
  • Nytenkande, initiativrik og trygg i utviklingsarbeid med LK20.
  • God digital kompetanse. 

 

Personlege eigenskapar

  • Du har eit reflektert og positivt elev- og menneskesyn.
  • Du er positiv og har ein inkluderande leiarstil.
  • Du har gode samarbeidsevner, godt humør og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø.
  • Du evner å kunne koordinere mange oppgåver samtidig og har god arbeidskapasitet.
  • Du møter utfordringar med ei løysningsorientert og fleksibel haldning.
  • Du er systematisk, målretta og utviklingsorientert i tråd med LK20 og Sogndal kommune sin oppvekststrategi; best på oppvekst
  • Du har evne og vilje til å ta sjølvstendige profesjonelle avgjerder i tråd med skulen sin ståstad.
  • Avdelingsleiaren skal utfylle det eksisterande leiarteamet på skulen, personlege eigenskapar vil verte særlig vektlagt.

 

Me tilbyr

  • Positive møte med born og vaksne på skulen vår.
  • Eit godt, ope og inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og profesjonalitet.
  • Ei leiing prega av openheit, gode faglege diskusjonar og høge ambisjonar.
  • Kunnskapsrike og engasjerte kollegaer med fokus på læring og utvikling.
  • Fagleg utvikling gjennom læring i fellesskap og deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.
  • Løn etter sentralt avtaleverk.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4637320
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 10.06.2022