• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4713992
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 03.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100% fast – Sund ungdomsskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sund ungdomsskule- med røter i fjæra og retning mot framtida

Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune, i den delen  som fram til 2020 var Sund kommune. Til hausten blir vi 345 elevar fordelt på 13 klassar, og vi er rundt 50 tilsette. 

Elevane som går på Sund ungdomsskule kjem frå barneskulene Stranda, Spildepollen og Skogsvåg skular.

Sund ungdomsskule er ein Mot-skule, og vi nyttar både MOT sitt grunnprogram "Robust 12-16" og MOT sitt påbyggingsprogram "Skolen som samfunnsbygger". Skulen er også ein Olweus-skule. Det betyr at vi jobbar etter Olweusprogrammet, som er eit tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd.

Det blei gjennomført ei stor medarbeidarundersøking i kommunen for nokre år sidan, og der rapporterte kollegiet om svært høg trivsel, god medverknad og meningsfullt arbeid. Vi som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på mykje kjekt saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifiserte og har høg kompetanse. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.

Visjonen og slagordet til skulen er “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”.  Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vera eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danna og utdanna.  Vi jobbar for meir elevmedverknad og for ei meir praktisk undervisning for elevane våre, der tverrfaglegheit og tid til å gå i djupna på dei ulike emna blir viktig.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Vera del av skulen og kommunen sine leiarteam
  • Pedagogisk leiing og bidra til gode læringsprosessar i organisasjonen
  • Leggja til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
  • Samarbeid med andre tenester og deltaking i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
  • Følgja opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling
  • Dialog med føresette
  • Administrative oppgåver som mellom anna vikararbeid, overgang barneskule - ungdomsskule
  • Personaloppfølging
  • 40% av stillinga er undervisning

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Undervisningskompetanse frå grunnskule
  • Pedagogisk kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 

Ønskjeleg med:

  • Leiarutdanning/leiarerfaring, gjerne frå grunnskule

 

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer ein avdelingsleiar som:

  • ser på dei tilsette som ressursar
  • er ein god relasjonsbyggar
  • tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
  • har gode evner til å samarbeida, lytta, rettleia og inspirera
  • er ein kreativ og inspirerande leiar
  • har gode digitale kunnskapar og kan vera med på å utvikla skulen sitt digitale arbeid
  • er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
  • orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

 

Anne Hufthammer – rektor

Tlf: 90984271

E-post: anne.hufthammer@oygarden.kommune.no

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4713992
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 03.08.2022