• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4336824
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100 % fast stilling Straume arbeids- og aktivitetssenter og Straumehagen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelingane:

Straume Arbeids - og aktivitetssenter er lokalisert i Idrettsvegen på Straume. Det er eit dagtilbod til personar som av ulike årsaker ikkje  kan få tilbod om ordinære arbeidstiltak.

Det vert produsert ved og anna trearbeid, tennbrikettar, samt tova produkt som sitjeunderlag og tøflar. Det er også ei gruppe som makulerer for interne instansar i kommunen. I tillegg til produksjon av ulike slag, føregår det mange aktivitetar  som adl—og fysisk trening, song og musikk, sansestimulering, matlaging, spel mm.  Det vert lagt opp til individuelt tilpassa oppgåver og aktivitetar

Straumehagen er lokalisert  sentralt på Straume i ei bustadblokk. Det er ein personalbase i bygget.

Bebuarane har ulike og samansette hjelpebehov. Det er fast personalgruppe  som yter tenester som praktisk bistand, helsehjelp, opplæring, aktivisering og dagleg oppfølging til 6 personar som bur i Straumehagen, samt nokre personar som bur i nærområdet

Fleire tilsette på Straumehagen arbeider også på Straume Arbeids - og aktivitetssenter.

Avdelingsleiar er ein del av MMNF sin avdelingsleiargruppe og har tett samarbeid med både innad i eininga og på tvers i kommunen med andre einingar.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift, fag – og personalansvar
  • Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til utvikling av tenestene
  • Turnusplanlegging

Kvalifikasjonar: 

  • Bachelor i vernepleie/sjukepleie. Andre søkjarar med tre årig høgskuleutdanning kan verta vurdert.
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • Gode norskkunnskapar muntleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B

 Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Kjennskap til hjelpeapparatet

 Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Godt humør

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Hildegunn Vengen telf 90 27 28 00

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4336824
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 17.01.2022