Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
10.10.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4785734Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 27.09.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Avdelingsleiar 100% fast - Spildepollen skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Arbeidsoppgåver:
- Vere ein aktiv deltakar i skulen sitt leiarteam og delta i utviklinga av skulen
- Pedagogisk leiing og bidra til gode læringsprosessar i organisasjonen
- Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
- Ha ansvar og leiing av det faglege og pedagogiske arbeidet på mellomsteget
- Samarbeid med andre tenester og deltaking i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
- Stillinga er tillagt 50% undervisning
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Undervisningskompetanse frå grunnskule eller anna relevant skuleerfaring
- Pedagogisk kompetanse
- Erfaring frå undervisning i grunnskulen eller anna relevant arbeid i grunnskulen
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Skuleleiarutdanning eller ynskje om å ta vidareutdanning i skuleleiing
- Leiarerfaring, gjerne frå grunnskule
- Erfaring i psykososialt- og spesialpedagogisk arbeid
- Kunnskap om og erfaring med skuleutvikling og kulturbygging
- God digital kompetanse
Vi ønskjer ein avdelingsleiar som:
- Er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Har høg arbeidskapasitet
- Har høg personleg og profesjonell integritet
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har god relasjonskompetanse
- Er kvalitetsbevisst og fagleg oppdatert
- Er lojal til skulen sine verdiar og mål
Anna:
Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
10.10.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4785734Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 27.09.2022