• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    17.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4838197
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.10.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Avdelingsleiar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig stilling som avdelingsleiar ved Ostereidet heimeteneste. Som avdelingsleiar vil du vere med og utvikle tenesta til det beste for brukarane, og ha eit heilskapleg ansvar for budsjett, økonomi og personal på avdelinga. Avdelingsleiar er med i heimetenesta sitt leiarteam som i lag med tenesteleiar jobbar for å gje brukarane i heimetenesta gode tenester. 

Om Ostereidet heimeteneste

Ostereidet heimeteneste består av ei "ute"-gruppe og ei "inne"-gruppe. "Ute"-gruppa gjev tenester til brukarar i tilhøyrande geografisk område, medan "inne"-gruppa gjev tenester til bebuarar som bur i heildøgnsmbemanna bustadar - Ostertun med 28 leilegheiter. Personalet har fast turnus inne og ute, men ein må pårekne å jobbe der det er behov for kompetansen. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har heilskapleg ansvar for avdelinga. Som leiar har du ansvar for dagleg leiing, drift og kvalitetssikring av tenestene i avdelinga. Du har også ansvar for oppfølging, ivaretaking og rettleiing av dei tilsette. Nokre av oppgåvene dine vil vere:

  • Personalansvar for dei tilsette
  • Fagansvar med fokus på kvalitet i tenesta
  • HMS-ansvar
  • Økonomiansvar
  • Delta i strategisk arbeid og utvikling av tenesta
  • Fremje bruk av velferdsteknologi og digitalisering for tilsette og brukarar
  • Leggje til rette for godt tverrfagleg samarbeid, og samarbeid på brukarar og pårørande

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjent sjukepleiar

Ønskt kompetanse

I tillegg til krav om at du er offentleg godkjent sjukepleiar er det ønskjeleg at du har:

  • Leiarerfaring frå offentleg sektor
  • Vidareutdanning innan leiing
  • Erfaring med turnusarbeid
  • God IKT-kunnskap
  • God økonomiforståing

Personlege eigenskapar

Som leiar har du god kommunikasjonsevne og evne til tydeleg formidlig både munnleg og skriftleg. Du er strukturert, har stor arbeidskapasitet og trivast i ein travel arbeidskvardag som tidvis kan vere uforutsigbar. Du er ein god relasjonsbyggjar, og legg til rette for eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid med eksterne samarbeidspartar. 

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP
  • Ein spanande jobb og eit godt og støttande samarbeid i leiarteamet

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    17.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4838197
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.10.2022