• Bedrift
    Skodje kommune
  • Søknadsfrist
    25.10.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6260, SKODJE
    ÅLESUND
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2165976
  • Se her for andre jobber fra Skodje kommune
  • Oppdatert 11.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Skodje kommune

Assisterande rektor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skodje kommune er ein kommune i vekst som frå 2020 slår seg saman med Ørskog, Haram, Sandøy og Ålesund med mottoet; «Det vi skal, skal vi vere gode til. Det vi vil, skal vi tore å gjere noko med.»

Skodje ungdomsskule er ein skule med 158 elevar. I åra som kjem vil ein ha elevtalsvekst slik at elevtalet om tre til fire år vil nærme seg 250 elevar. Det er planen at vi innan då skal få bygd på skulen som i dag rommar opptil 200 elevar.
Skulen har 22 årsverk, med høgt kvalifisert og engasjert stab av lærarar og fagarbeidarar. Lærarane er organiserte i team, der teamleiarane inngår i plangruppa som saman med leiinga legg planar for det pedagogiske arbeidet. Noverande assisterande rektor går av med pensjon etter nyttår. I tida som kjem kan det hende ein vil endre noko på leiingsmodellen for skulen med tankar om å styrkje den pedagogiske leiinga. Dette som eit ledd i å få ein noko lik leiingsmodell i nye Ålesund.

Arbeidsoppgåver

Stillinga har etter delegering frå rektor faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative arbeidsoppgåver. Stillinga har om lag 75% administrasjonsressurs og 25 %  undervisning. Assisterande rektor trer inn for rektor når denne er fråverande.

  •   Saman med rektor leie skulen  
  •  Oppfølging av spesialpedagogiske og sosialpedagogiske saker
  •   Samarbeid med eksterne tenester som t.d. PPT og Helsestasjon
  •   Timeplanarbeid og vikarordning saman med teamleiarane
  •   Kartleggingar, undersøkingar og rapporteringar
  •   I samarbeid med rektor vere pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid
  •   Oppfølging av personalet
  •   Oppfølging av elevsaker

 
Vi vil sjå samla på kompetansen til rektor og assisterande rektor slik at arbeidsoppgåvene til ein viss grad vil kunne tilpassast kompetanse og interesser.  

Kvalifikasjonar
  •   Pedagogisk utdanning - undervisningskompetanse i minst eit fag på ungdomsskulen
  •   Erfaring frå skuleverket
  •   Kompetanse innan administrasjon
  •   Leiarutdanning (kan kompenserast med erfaring)
  •   Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk
  •   Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar

Vi søker ein assisterande rektor som:

  •   Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  •   Er tydeleg og målretta
  •   Er systematisk og ryddig
  •   Er ein fleksibel lagspelar  
  •   Relasjonsbygger
  •   Legg vekt på medverknad og samarbeid
  •   Er opptatt av kvalitet og tverrfagleg innsats til eleven sitt beste
  •   Har god digital kompetanse og kjennskap til dei datasystema som vert nytta i skuleverket
Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  •   Ei spennande og utviklande stilling
  •   Engasjerte og kompetente medarbeidarar
  •   God pensjonsordning(SPK)  
  •   Lønn i henhold til HTA kap. 3.4.3 (lederlønnskapittelet)  
 

  • Bedrift
    Skodje kommune
  • Søknadsfrist
    25.10.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6260, SKODJE
    ÅLESUND
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2165976
  • Se her for andre jobber fra Skodje kommune
  • Oppdatert 11.10.2019