Detaljer


Assisterande leiar

Rehabiliteringssenteret AiR i Rauland er ein unik, landsdekkande institusjon i spesialisthelsetenesta. AiR-klinikk tilbyr landsdekkande døgnbasert rehabilitering, hovudsakleg for personar med helseutfordringar som er utanfor eller står i fare for å falle ut av arbeidslivet.

Vil du vera med i leiinga av ein unik og utviklingsorientert klinikk?
Me har stilling ledig som:

Assisterande leiar

AiR-klinikk skal vera fagleg i front, og jobbar målretta og strategisk med kvalitets- og utviklingsarbeid. Stillinga som assisterande leiar av klinikken krev evne til langsiktig planlegging, handlekraft, gode evner til samhandling og til å handtereein innhaldsrik kvardag.

Arbeidet inneber medansvar for dagleg styring og leiing i tett samarbeid med leiar for klinikken, eit særskilt ansvar for oppfylging av HR-saker, bemanning, rekruttering og andre oppgåver.

Det er ynskeleg med relevant leiarerfaring og gjerne helsefagleg bakgrunn. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

AiR tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, løn etteravtale, gode pensjons- og personforsikringsordningar og kan hjelpe til med å skaffe bustad.

Søknadsfrist: 28. mai 2019

For meir informasjon, ta kontakt med direktør Svein Kostveit, tlf. 480 37 560 eller leiar administrasjon Jon Hovda tlf. 35 06 28 00.

Søknad med CV, attestar og vitnemål leverast via vår nettløysing: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/