• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4226256
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 29.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Assistent (BPA) 30 % fast stilling- Heimetenesta sone Sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Brukarstyrt personelg assistent (BPA) er ei teneste under Helse og velferd. Tenesta vert tildelt innbyggjar med store samansatte hjelpebehov. Tenestemottakar er arbeidsleiar, Øygarden kommune har det overordna ansvaret for ordninga. Assisenten arbeider ofte i heimen til arbeidsleiar, men yt elles og hjelpa der tenestemottakar måtte opphalde seg både i jobb/skule samanheng og på fritida.

 

Vi søkjer no etter ein brukarstyrt personleg assistent (BPA) for ei 16 år gamal jente, stillinga er 2 kveldar i veka og annankvar laurdag

Stillinga er ledig frå snarast

 

Eigenskapar vi ser etter er:

  • Du er positiv
  • Du er ungdommeleg
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du trivast med varierte dagar
  • Vi ser etter ein som ser moglegheiter, framfor avgrensingar.

 

Eg er ei jente på 16 år som har muskelsjukdom og er difor avhengig av elektrisk rullestol. Eg søkjer ein brukarstyrt personleg assistent som kan vere min forlenga arm. Du må bistå i alle daglegdagse gjeremål. Alt ifrå å plukke opp ting, personleg hygiene, forflytting i rullestol, trening og kjøyring til aktivitetar/vener. Dagane er veldig varierte, nokre dagar treng eg mykje kvile, mens andre dagar er eg på farten. Elles er eg ei sosial jente som er sjølvstendig og har godt humør.

Eg er avhengig av føreseielegheit, så min nye assistent må vere ansvarsfull, pliktoppfyllande og trygg. Det er ikkje noko krav om formell utdanning, i denne stillinga er det personleg eignaheit og kjemi som avgjer. Der det er behov for opplæring, vil det bli gitt. Du må ha førarkort klasse B då eg har eigen bil til transport.

  

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Einingsleiar Kate S Løland på telefon 56 16 05 02 eller 950 71 121

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4226256
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 29.11.2021