Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
22.11.2022Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4861792Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 09.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Assistent 80 % på Ål ungdomsskule
Offentlig forvaltning
Då er dette jobben for nettopp deg!
Me søkjer
80 % assistent: vikariat i perioden 01.12.2022-31.07.2023
Du vil som assistent arbeide med sosialpedagogiske tiltak, både som ein del av den generelle bemanninga i undervisninga og med enkeltelevar. Kontaktlærarane har det faglege ansvaret, og du vil samarbeide tett med kontaktlærar og faglærar om opplæringstilbodet i klassen og ift. enkeltelevar.
Vår overordna visjon er "I eit inkluderande læringsmiljø der alle ser og blir sett, får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv". Hovudsatsinga er for tida "Livsmeistring i eit inkluderande læringsmiljø". Ål er MOT-kommune.
Kvalifikasjonar
- gjerne relevant utdanning som t.d. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller tilsvarande, men ikkje eit krav
- interesse for og aller helst erfaring med elev/læringsmiljøarbeid
Arbeidsoppgåver
- følgje opp enkeltelevar i klasse og gruppe
- ta del i læringsmiljøarbeidet ved skulen og i kommunen
- kontakt med føresette
- observasjon og rettleiing av andre på enkelte fagområde
- dokumentasjon og deltaking i møter
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ønskjer at du:
- har godt lag med ungdom
- er tydeleg, positiv og omsorgsfull i omgangen med ungdom
- kan arbeide sjølvstendig og målretta
- kan samarbeide godt med leiing og personalet omkring barn som har ulike utfordringar
- har evne til dialog og samhandling med elevar, tilsette og føresette
- er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
- har godt humør og pågangsmot
- ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
Me tilbyr
- ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
- varierte og spanande arbeidsoppgåver
- engasjerte vaksne og barn
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest. Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn ved tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad.
Aktuelle søkjarar vert fortløpande kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og evtenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Søkjarar som ønskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
22.11.2022Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4861792Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 09.11.2022