• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4232469
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Assistent - 60 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 60 % fast stilling som assistent frå 01.01.2022. Stillinga inneber arbeid i turnus med arbeid kvar 3. helg. 

Om Alversund/Seim heimeteneste

Avdeling Alversund/Seim har base i Galteråsen i Isdal. På avdelinga arbeidar sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til brukarar i eigen heim i områda med postadresse Alversund og Seim. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Som assistent hos oss vil du både få oppgåver knytt til reinhald i brukars heim og stell/pleie av brukarar. I vekedagane vil det stort sett vere arbeid med reinhald i brukars heim. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein person som:

  • trivst med å arbeide sjølvstednig
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og fremtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest før tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4232469
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.11.2021