• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4678632
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 22.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Arkivleiar Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol kommune har ledig 100% fast stilling som arkivleiar.

Vi søkjer ein engasjert, sjølvstendig og utviklingsorientert person som er oppteken av arkiv- og dokumentasjonsforvaltning. Stillinga er plassert i avdeling Sekretariat og tenestetorg. Avdelinga har ansvar for kommunen sitt dokumentsenter, informasjonssikkerhet, politisk sekretariat og tenestetorg. Arkivleiar skal ha det overordna faglege ansvaret for arkiv og dokumentasjonsforvaltninga i kommunen. Vi nyttar Elemets cloud som sak/arkivsystem. Kommunane i Hallingdal har eit felles IKT-samarbeid og Gol kommune er vertskommune for sak/arkiv.

Arbeidsoppgåver:
• Ansvar for arkiv og dokumentasjonsforvaltning i høve til gjeldande lovverk.
• Systemansvarleg for sak/arkivsystemet og dokumentasjon av andre fagsystem.
• Arkivfagleg leiing og utvikling av arkivmedarbeidarane.
• Sikre at rutinar og arbeidsprosessar blir utarbeidd, implementert og fylgt opp.
• Opplæring og brukarstøtte for leiarar, saksbehandlarar og arkivpersonale.
• Delta i digitaliserings- og utviklingsprosjekt innanfor sitt ansvarsområde.
• Utviklingsarbeid innafor dokumentasjonsforvaltning og arkiv.
• Utarbeide og ajourholde arkivplan og bevarings- og kassasjonsreglement.
• Fylgje opp eldre og avslutta arkiv.
• Delta i interkommunalt samarbeid.

Kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning, fortrinnsvis høgskule med IKT, arkiv- eller dokumentasjonsforvaltning i fagkretsen.
• Erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for formell utdanning.
• Erfaring med arkivarbeid i offentleg forvaltning og bruk av elektroniske sak/arkivsystem.

Personlege eigenskapar:
• God kunnskap om regelverk for offentlig forvaltning og arkiv.
• Interesse for utvikling av digitale løysingar.
• God IKT- og teknologikompetanse og forståing for digitale prosessar.
• God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
• Serviceinnstilt, med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
• Sjølvstendig, med god gjennomføringsevne.
• Initiativrik og løysingsorientert.
• Ynskjer å ta ansvar og levere gode resultat.
• Evne til å tenke heilskapleg og samstundes ha auge for detaljar.
• Nøyaktig med god ordenssans.
• Er raus og deler kunnskap og kompetanse for felles fagleg utvikling.

Vi legg vekt på at den vi tilsett er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr:
• Spennande oppgåver med god mogelegheit for utvikling.
• God pensjonsordning gjennom KLP.
• Fleksibel arbeidstid.
• Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale.

Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4678632
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 22.06.2022