• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2859537
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 03.04.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Arkivfagleg konsulent med interesse for digitalisering?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Arkivtenestene våre er ein viktig del av støttefunksjonane vi leverer, både for interne brukarar, innbyggjarane og for offentlegheita. I samband med pensjonering i avdelinga søkjer vi no etter ein konsulent med arkivfagleg bakgrunn som kan starte seinast i august 2020. 

I tillegg til daglege oppgåver knytt til arkiv både elektronisk og i papirform, vil du få ansvaret for å leie arbeidet med system, strategi og utvikling på området. Politisk møtesekretariat vil og vere ein del av arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga. Kjennskap til relevante lover og forskrifter for både arkiv, dokumenthandtering og folkevalde er difor ønskjeleg. 

Effektivisering gjennom digitalisering av tenestene er viktige fokusområde, og der håper vi at vår nye kollega ser moglegheiter og utviklingspotensiale saman med oss. 

Har du spørsmål til stillinga, arbeidsoppgåvene eller vil vite meir om kva vi jobbar med? Ta kontakt på telefon eller via e-post, så ser vi fram til å høyre frå deg.     

Arbeidsoppgåver

  • Alle oppgåver i dagleg handtering av post- og arkivfunksjonen
  • Kvalitetssikring av informasjon i sak-/arkivsystemet
  • Utarbeiding av rutinar og ansvar for arkivplan
  • Opplæring og bistand til interne brukarar av sak-/arkivsystemet 
  • Utviklings- og forbetringsarbeid
  • Oppgåver i politisk sekretariat 
  • Betjening av sentralbord i ein liten del av stillinga

Kvalifikasjonar

  • Formell arkivkompetanse. Lang erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå arbeid med arkiv i offentleg sektor er ønskjeleg
  • Kjennskap til relevant lovverk er ein føremonn; Arkivlova med forskrifter, Offentleglova, Forvaltningslova og Personopplysningslova
  • Gode IT-kunnskapar og gjerne kjennskap til elektroniske sak-/arkivsystem

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Serviceinnstilt, løysings- og utviklingsorientert
  • Samarbeidsvillig, positiv og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med spanande oppgåver
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2859537
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 03.04.2020