• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    10.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6700, MÅLØY
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2176878
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 30.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Akvakultur - vikariat

Offentlige tjenester og forvaltning

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Sentralt i organisasjonen står teamarbeid og medarbeiderskap. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. I stillinga kan du som veterinær/fiskehelsebiolog bruke dine fagkunnskapar til å vurdere og forbetre fiskens levevilkår, og til å hjelpe oppdrettarane å legge til rette for at fisken skal ha det best mogleg. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å møte nye utfordringar. Arbeidsdagen din er fleksibel, og du er vel så mykje ute i felt som på kontoret. Rundt deg har du eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver
  •  Arbeidsoppgåvene vil dekke heile fagfeltet innen akvakultur. Du vil reise ut til oppdrettsanlegg for å gjere inspeksjonar/revisjonar og prøveuttak. Du får oppgåver med å handtere sjukdomsutbrot, gjere utgreiingar og sakshandsaming.
  • Du driver også med førebygging, opplysning og rettleiing overfor bedrifter.
  • Andre oppgåver kan vere aktuelt ved behov.  
Kvalifikasjonar
  • Du er fiskehelsebiolog eller veterinær med norsk autorisasjon.
  • Det har gjerne relevant arbeidserfaring, for eksempel frå havbruksnæringa eller offentlig forvaltning. Nyutdanna er også velkomen til å søke. 
  • Du snakkar og skriv flytande norsk.
  • Du har førarkort i klasse B.  
Personlege eigenskaper
  • Du er lojal og har god forståing for tilsynsrolla.
  • Du har evne til å lytte, rådføre deg med andre og kommunisere proaktivt.  
  • Du er løysingsorientert og kan prioritere arbeidsoppgåver som gjer at du både kan arbeide effektivt og sjølvstendig.
  • Du kommuniserer klart og tydelig, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte.  
  • Du er fleksibel, trives med å arbeide i team og samarbeider godt med arbeidskollegaer.
Vi tilbyr
  • Eit meiningsfylt arbeid for deg som er opptatt av fiskehelse.
  • Eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø, kor det er låg terskel og høgt under taket.
  • Ein fleksibel arbeidsdag der du kan påverke kor mykje du er ute i felt og inne på kontoret.
  • Kompetanseheving og gode høve til eiga fagleg utvikling då dette fagområdet er teamorganisert.
  • Stillinga er løna i st.kode 1498, førsteinspektør p.t. kr. 490.000 - 580.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare løn bli vurdert.
  • Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.
  • Mattilsynet er opptatt av mangfold og vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidater til å søkje jobb i Mattilsynet uavhengig av alder, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

 

  • Ver venleg å opppgje referanser i søknaden.  
  • Vi ber om at du lastar inn vitnemål og attestar som vedlegg.
 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    10.11.2019
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6700, MÅLØY
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2176878
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 30.10.2019