• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4632985
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 21.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

50 % fast stilling i koordinerande eining

Offentlig forvaltning

Ål kommune har ledig 50% fast stilling med arbeid i koordinerande eining (KE).

Koordinerande eining i Ål er organisatorisk plassert under avdeling Meistring med 50 % stilling frå helsesektoren og 50 % stilling i frå oppvekstsektoren.

Koordinerande eining er staden ein vender seg til vedrørande behov for koordinator og individuell plan (IP). Koordinerande eining har god oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbod i kommunen og i helseregionen. Eininga er eit kontaktpunkt for tverrfagleg samarbeid. Den koordinerande eininga skal vere lett tilgjengeleg for brukarar og samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver
Som tilsett i koordinerande eining i kommunen vil du ha eit hovudansvar for å følgje opp eininga sine ansvarsområder.
Koordinerande eining har ansvaret for:
  • å vere pådrivar for å sikre heilheitleg og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområder, nivå og sektorar.
  • å vere eit kontaktpunkt for brukarar, interne og eksterne samarbeidspartar innanfor habilitering og rehabilitering.
  • å ha systemansvar for individuell plan for personar med behov for langvarige og samansette/koordinerte tenester.
  • å peike ut ein koordinator i samarbeid med brukar og den avdelinga som får det koordinerande ansvaret for individuell plan og ansvarsgruppe.
  • kompetanseutviklingstiltak for koordinatorar i kommunen.

Kvalifikasjonar
Minimum 3- årig helsefagleg utdanning på høgskule eller universitetsnivå. Det er ynskjeleg med: 

  • erfaringar med kommunikasjon med pasientar og pårørande.
  • erfaring ift. rettleiing og undervisning.
  • erfaring frå samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
  • gode datakunnskapar.

Personlige eigenskapar
Me ser etter ein medarbeidar som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ein medarbeidar som har evne til å bygge nettverk, arbeide i team samtidig som du kan det å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert. For å kunne gjere jobben er det nødvendig at du er engasjert, fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du må ha evne å stå i krevjande situasjonar med høgt arbeidspress.  Me ynskjer å få med på laget ein medarbeidar som kan bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Me tilbyr
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • hjelp til å skaffe bustad

Lønsvilkår

  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 Om oss

Me er ei verksemd i utvikling og som ønskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen. Arbeidsoppgåver er varierte og mangfaldige der brukaren sjølv er delaktig i planlegging og utforming av tenestene sine.

Hjå oss er all ergo- og fysioterapiteneste i kommunen samla i ei avdeling. Me har 2 ergoterapeutar, heimevaktmeister, 7 fysioterapeuter, friskivskoordinator, koordinerande eining, oppsøkjande team, rehabiliteringsteam, dagsenter og psykisk helse og rus i avdelinga. Avdelinga har aktivt fagmiljø, breitt samarbeid med andre faginstansar og eit god arbeidsmiljø.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4632985
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 21.05.2022