• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    02.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Alver
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4232466
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

2x Helsefagarbeidarar - 80 % og 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 2 faste stillingar i 80 % og 100 % fast som helsefagarbeidar, i turnus med arbeidd kvar 3. helg. Begge stillingane er ledig frå 6. desember 2021. 

Om Habiliteringstenester i Alver kommune 

Habiliteringstenester i Alver kommue gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlastnig for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenester finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar 

Om Hannesvegen bustader 

Hannesvegen bustader er ei avdeling med fleire bustadgrupper som alle er lokalisert sentralt på Manger. Tømmerdalen er ei av bustadgruppene, og er heimen til 6 personar med ulikt bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av eit sterkt engasjement for bebuargruppa, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både bebuarar og kvarandre.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid
  • Råd og rettleiing
  • Følgje opp rutinar
  • Dokumentere i pasientjournal
  • Helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjend helsefagarbeidar/hjelpepleiar 
  • Førarkort Klasse B
  • Beherske det norske språk, både munnleg og skriftleg 

Ønskt kompetanse

  • Erfaring frå brukargruppa.
  • God fagkunnskap og evne til både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
  • Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til tenestemottakar og kollegaer
  • Evne og erfaring til å takle andre personar sine utfordringar og å møte tenestemottakar i sårbare situasjonar på deira utviklingsnivå

Personlege eigenskapar 

  • Fleksibel
  • Inspirerande og engasjert
  • Du er ein tydeleg og trygg vaksen
  • Du er aktiv og kreativ når det gjeld å motivere, men også rolig og tolmodig når situasjonen krev dette
  • God fysisk og psykisk helse
  • Bidrar til trivsel på arbeidsplassen og eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
God pensjonsordning 

Løn etter tariffavtale
Tiltreding etter avtale 

Politiattest

I tråd med helse og- omsorgstenestelova § 5-4 vert det stillt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    02.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Alver
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4232466
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.11.2021